Tek ikkje omsyn til dei eldre

MERKELEG: Eg tykkjer det er merkeleg at Førdepakken med sine planleggjarar, Statens vegvesen og Norconsult, ikkje bryr seg med parkeringsplassar, men eliminerer dei fort vekk når dei kjem i vegen for deira vegplanar – utan å erstatte dei andre stadaR, skriv artikkelforfattaren.

MERKELEG: Eg tykkjer det er merkeleg at Førdepakken med sine planleggjarar, Statens vegvesen og Norconsult, ikkje bryr seg med parkeringsplassar, men eliminerer dei fort vekk når dei kjem i vegen for deira vegplanar – utan å erstatte dei andre stadaR, skriv artikkelforfattaren.

Av
DEL

Meiningar

For ei tid attende presenterte Norconsult sin plan for uteområdet ved Førdehuset i Firda avis, (laurdag 9. november). Bortsett frå dagleg leiar i Førde idrettslag som hadde innvendingar mot reduksjon av kunstgrasbana og islagt leikeplass på parkeringsområdet, har eg ikkje sett andre merknadar til Norconsult sin plan. Det finn eg merkeleg, og vil gje mi meining.

Min planleggingsfilosofi er at det ein planlegg bør ha forbetring funksjonellelt og med større kapasitet enn dagens løysing. Førdepakken med sine planleggarar og konsulentar tenker ikkje slik. Dei fjernar parkeringsplassar og det som fungerer godt. Dei prioriterer berre bil og sykkel, og har som mål å få flest mogleg av dei til Førde sentrum. Og bryr seg ikkje om konsekvensane – Fleire bilar i Førde sentrum, gjev trong for fleire parkeringsplassar, og bilar som køyrer rundt på leit etter parkeringsplass, aukar trafikkmengda og reduserer trivselen i Førde sentrum.

Helge Ottesen.

Helge Ottesen. Foto:

La oss sjå på forholda ved Førdehuset slik dei no er. Når vi køyrer av Angedalsvegen ved Førdehuset, er det bra plass til parkering like framfor Førdehuset, både for bilar og buss (3 i gongen) for å sette av eller hente passasjerar. Der er handikap-parkeringsplassar, som lett kan utvidast til fleire, nær opp til inngangen. Viss ein skal parkere, køyrer ein roleg vidare, og har god oversikt over dei vel 100 parkeringsplassane, om noko er ledig. Viss ikkje, er det berre å køyre ut på Angedalsvegen att og inn på parkeringsområdet på Utstillingsplassen.

Det er greitt med merkte handikap-parkeringsplassar, men det er mange eldre som ikkje er registrerte som handikappa, men som har vanskar med å gå. Dei næraste parkeringsplassane til Førdehuset, bør kunne reserverast desse. Det kan enkelt gjerast med ein innarbeid kultur, der dei som er lette til beins parkerer på Utstillingsplassen når det er stor tilstrøyming til Førdehuset, og lar dei som har vondt for å gå, få førsteretten til parkering ved Førdehuset.

Norconsult tek ikkje omsyn til dei eldre, sjølv om det er ei sterkt veksande gruppe med eldre over 80 år. Fleire av dei køyrer bil, men kan av forskjellige årsaker ha vondt for å gå. Norconsult synest at det er heilt greitt at desse får lengre veg å gå med parkering på Utstillingsplassen – når dei fjernar alle parkeringsplassane, bortsett frå nokre få handikapp parkeringsplassar, ved Førdehuset.

Eg tykkjer det er merkeleg at Førdepakken med sine planleggjarar, Statens vegvesen og Norconsult, ikkje bryr seg med parkeringsplassar, men eliminerer dei fort vekk når dei kjem i vegen for deira vegplanar – utan å erstatte dei andre stadar. Allereie no klagar folk over at det er vanskeleg å finne parkeringsplass i Førde sentrum. Korleis vil det då bli om nokre år med forventa veksande biltrafikk i Førde – og etter at Førdepakken har fjerna mykje over hundre parkeringsplassar?

Bygg parkeringshus av «100 mill. potten» i Førdepakken, seier Arve Seger, tidlegare prosjektleiar i Førdepakken. Men han seier ikkje kor parkeringshuset skal stå. Det er det ingen som veit. Heller ikkje når det blir bygd. Det er heilt i det blå, til liks med omlegging av E39 i Førde. Dette er Førdepakken og Statens vegvesen sitt ansvar.

Og så eit anna forhold. Norconsult antydar at idretten må vurdere om det skal vere gras eller kunstgras på Førde stadion. Den saka er avgjort. Førde skal ha eit stadionanlegg som kan bli tildelt store nasjonale friidrettsstemne – med alle øvingane. Der skal det kastast kule, diskos, slegge og spyd, og då er kunstgras heilt uaktuelt. Det blir heller ikkje godtatt at løpsøvingane skal avviklast på stadion og kasteøvingane i Hafstadparken – og kor er det plass for det med berre kunstgrasbanar?

Førde idrettslag må kunne få realisert sine utbyggingsplanar for Førde stadion – utan at Førdepakken reduserer noko som helst. Parkeringsplassar er ein del av heilskapen for at Førdehuset skal fungere med eit godt renommé – der alt er rasjonelt og fungerer som det skal.

Er det ikkje snart på tide at Førdepakken og Norconsult innser at 2-felts bilbru over Jølstra ved Førdehuset, ikkje lar seg realisere? Den vil øydelegge for mykje av det som fungerer godt ved Førdehuset i dag – parkering og idrettsanlegga. Førde treng heller ikkje bilbru, men ei gang/sykkelbru over Jølstra ved Førdehuset.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags