Kjære Førde-byen og Førdepakken

FORTETTING: Blir nokre av dei viktige elementa i Førdepakken fjerna, t.d. brua ved Førdehuset, så tek ein bort grunnlaget for fortetting, og du må truleg klargjøre slikt også med vegmynde, departementa og Stortinget som har vedteke pakken, skriv tidlegare planleggar i Førde kommune, Arve Seger, i sitt brev til Førde-byen.

FORTETTING: Blir nokre av dei viktige elementa i Førdepakken fjerna, t.d. brua ved Førdehuset, så tek ein bort grunnlaget for fortetting, og du må truleg klargjøre slikt også med vegmynde, departementa og Stortinget som har vedteke pakken, skriv tidlegare planleggar i Førde kommune, Arve Seger, i sitt brev til Førde-byen. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Koss det går? Spennande no når du ikkje lengre skal styre deg sjølv med eit bystyre. Mange utfordringar med lite pengar. Byutviklinga kan kanskje bli endå litt treigare og seigare. Enn so lenge so har du no Førdepakken, men også den ser ut til å bli utfordra no i Sunnfjord kommune og nytt kommunestyre. Her må du vere klar for mange nye meiningar, og repetisjon. Kan eit kommunestyre vere samd med bystyret frå 2012-2013?

Ver på vakt og pass på. Førdepakken er ikkje eit pågåande planarbeid, men eit prosjekt som er vedteke, og er komme til gjennomføring. Større prinsipielle endringar no kan bli litt som når tomta er gravd ut, kjellar er støypt, reisverket i 1. høgda er på plass og planane for 2. høgda er nesten ferdige, og so skal du sjå etter ny tomt.

Du veit Førdepakken vart analysert, vurdert, planlagd, kontrollert, kvalitetssikra og vedteke som ei heilskapeleg løysing. Innspel om lokale tunnelar nord eller sør for sentrum og t.d. fjerning av vesentlege trafikkløysingar, vil endre på prinsippa som er lagt til grunn, og økonomien i pakken. Det vil vere viktig å avklare kva for prosess i høve vegeigarar, Vegdirektoratet, Samferdselsdepartementet, Finansdepartementet og Stortinget som må til for slike større justeringar.

Hugs at alt plan- og prosjektarbeidet som var grunnlaget for Førdepakken kunne ikkje finansierast med bompengar. Det vart betalt av Statens vegvesen og Førde kommune før innkrevjing av bompengar starta. Kven skal no betale for detaljerte tunnelplanar, nye trafikkanalysar, meir omfattande byanalysar, nye vurderingar, planar og ny søknad? Skikkeleg plangrunnlag må vere på plass for å overtyde alle partar.

Arve Seger har mellom anna tolv års fartstid som planleggar i Førde kommune.

Arve Seger har mellom anna tolv års fartstid som planleggar i Førde kommune. Foto:

Kven skal eige og drifte eventuelle tunnelar? Om nord–sør trafikken (Fjellvegen) og trafikken frå vest (Naustdalsvegen) skal «skjermast» for Førde sentrum så må tunnelane vere riksvegar, og når Statens vegvesen ikkje vil ha lokale tunnelar utanom sentrum, så ligg kanskje den store utfordringa her. Du må overtyde eigar av eventuelle tunnelar om at det er dette som skal til for Førde sentrum og for trafikken. Vil det vere råd å nå fram med dette, og bruke krefter på slik overtyding, vil det vere rett prioritering av ressursar? Her lyt ein vere nokonlunde trygg på at ein kan vinne fram før ein startar slike nye prosessar.

Ein ting er å vedta planar, som er kommunen sin oppgåve. Noko anna er å «omsetje» planar til prosjekt som skal betalast og gjennomførast. Lovverket opnar for å planlegge hus på naboen sin eigedom, men å tvinge nabo til å bygge er ikkje mogeleg.

Du gode Førdebyen, som «blomstrar» både langs Jølstra og i alle nybygga og fortettinga i sentrum, du vil få eit unikt og flott, samanhengande gang- og sykkelvegnett med Førdepakken. Kven ville hatt råd til slikt om ikkje bilistane måtte betale? Då må bilane også få sitt for å ta unna trafikken som kjem når det no kan byggast så mykje i sentrum med all fortettinga som er på gang. Fjernast nokre av dei viktige elementa i Førdepakken (t.d. brua ved Førdehuset) så tek ein bort grunnlaget for fortetting, og du må truleg klargjøre slikt også med vegmynde, departementa og Stortinget som har vedteke pakken.

Ein avgjerande føresetnad for Førdepakken har vore og er fortetting, og med det betre utnytting av areala som er i bruk til sentrumsføremål. Du veit alternativet kan vere endå meir sentrum på Brulandsvellene. No vart det omtala i avisa di at til og med Statens vegvesen ikkje heilt var med på fortettinga i sentrum sør. Då trur eg at Førdepakken ikkje berre må stå i bystyret å «selje» Førdepakken, men lyt ta seg nokre rundar internt i vegvesenet, og forklara føresetnadane for Førdepakken også der.

Kanskje ei viktigare utfordring i Førdepakken og for deg som småby, enn å endre på prosjektet, er å ta tak i parkeringa i sentrum som del av løysinga for å få fram nye trafikkløysingar, gang- og sykkelvegar. Her må du satse på at Førdepakken set inn ressursar, og nyttar seg av den sokalla 100 millionar potten.

No Førdebyen, er det som sagt viktig å passe på, og du bør kanskje tenkje på følgjande prioriteringar:

Få gjennomført den vedtekne Førdepakken på best mogeleg måte med dei prinsippa som er vedteke.Få med løysingar for parkering i sentrum som ein avgjerande del for å få gjennomført Førdepakken. Bruk av 100 millionar potten.

Hald fram med det viktige arbeidet med å få E39 utanom sentrum slik det er vedteke i gjeldande kommunedelplan E39 Langeland - Moskog.

Lukke til med den vidare gjennomføringa av Førdepakken og sentrumsutviklinga.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags