Førde sentrum – trafikkmaskin for E39

 Ein må ha kritiske spørsmål til om dette medfører ei god sentrumsutvikling for dei eksisterande bydelane, spesielt sentrum sør og området ved Førdehuset, skriv artikkelforfattaren.

Ein må ha kritiske spørsmål til om dette medfører ei god sentrumsutvikling for dei eksisterande bydelane, spesielt sentrum sør og området ved Førdehuset, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI tidlegare tider var Førde kjent for det største vegkrysset i Sunnfjord, og attpåtil med det første lyskrysset i Sogn og Fjordane. I 1988 kåra Bergens Tidende Førde til Norges styggaste tettstad, og seinast i 2007 vart Førde kåra av Dagens Næringsliv sine lesar igjen til Norges styggaste. I 2016 hadde Dagsrevyen eit innslag om byplanlegging, der det blei trekt fram at «Byen som ligg ved elva Jølstra er den dårlegaste planlagde i heile Norge.»

Eg er ikkje samd i at Førde er Norges styggaste by, men er samd med dei som hevdar at Førdepakken er dårleg byplanlegging, noko som dessverre også vidarefører stempelet som det største vegkrysset i Sunnfjord.

Trafikkplanen blei vedtatt i 2013, og formålet med Førdepakken er å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde. Når konsekvensane for dei einskilde tiltaka no blir gjort kjent gjennom nye reguleringsplanar, må ein vere kritiske spørsmål til om dette medfører ei god sentrumsutvikling for dei eksisterande bydelane (spesielt sentrum sør og området ved Førdehuset)?

E39 med lang tunnel gjennom fjellet vart ikkje p rioritert i NTP, og Statens vegvesen/Førdepakken vil då heller bygge nye E39 gjennom Førde sentrum i påvente av tunnel. Dette, i tillegg med ein avlastingsveg, med ei overdimensjonert bru, frå Hafstad bydel til Angedalsvegen. Blir desse planane gjennomført slik dei er presentert, trur eg faktisk at eg må vere samd med at byen vår er den dårlegaste planlagde i heile Norge.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags