Førde – byen eller det store vegkrysset?

ENGASJEMENT: Det er synd at ein person med ei sentral rolle i utviklinga av Førde ikkje har fått med seg det engasjementet som har vore både i tilknyting til Førdepakken og aksjonsgruppa «La Førde sentrum leve» som engasjerte seg mot handelspark utanfor sentrum. Det store engasjementet som vart skapt har ikkje blitt nytta til å få ein god planprosess, skriv artikkelforfattaren.

ENGASJEMENT: Det er synd at ein person med ei sentral rolle i utviklinga av Førde ikkje har fått med seg det engasjementet som har vore både i tilknyting til Førdepakken og aksjonsgruppa «La Førde sentrum leve» som engasjerte seg mot handelspark utanfor sentrum. Det store engasjementet som vart skapt har ikkje blitt nytta til å få ein god planprosess, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Arve Seger gjer nokre merkelege sprell i Firda 03.06 som seinare er følgt opp av innspel i avisa 06.06 og 11.06.

Det bli i avisa 06.06 etterlyst at folk i Førde bryr seg om planar og utvikling. Det er synd at ein person med ei sentral rolle i utviklinga av Førde ikkje har fått med seg det engasjementet som har vore både i tilknyting til Førdepakken og aksjonsgruppa «La Førde sentrum leve» som engasjerte seg mot handelspark utanfor sentrum. Det store engasjementet som vart skapt har ikkje blitt nytta til å få ein god planprosess.

Sidan det er fokusert på Førdepakken (Firda 11.06.) er det nok å vise til engasjementet rundt fleire planar i samband med detaljplanlegging av einskildtiltak som viser asfalt på store areal. Dette er reaksjonar som ville ha komme tidlegare dersom planane var slik at folk flest kunne skjøne dei. Ved handsaming av trafikkplanen vart det vist til aktuelle tiltak som skulle gjennomførast, men det var vanskeleg å sjå føre seg kva for omfang desse tiltaka ville få fordi alternativa i hovudsak var vist som tynne strekar på kartet.

I planprogrammet for trafikkplanen var det eit hovudmål å løyse framtidig E39 og samankopling med RV5 samstundes som ein skulle legge til rette for god trafikkavvikling i sentrum. E39 er løyst (Brulandsberget – Myra), men denne løysinga ligg så langt fram i tid at mange av oss ikkje vil oppleve det. Løysinga for RV5 er etter planen å bruke eksisterande veg (Naustdalsvegen og Fjellvegen) og knyte RV5 saman med E39 aust for sentrum. I staden for å nytte det som var den tidlegare planlagde løysinga i kommuneplanen med tunnel bak Førde hotell, er no Fjellvegen vald som hovudtrasé for RV5. På grunn av at det vert for liten kapasitet på denne vegen, bygger ein bruer til Indre Øyrane og Hafstad for å få fram gjennomgangstrafikken. Dette er eit byutviklingsprinsipp som er avleggs for lenge sidan, og etter mi meining er ikkje dette ei løysing ein kan bygge vidare utvikling av byen på.

Ved handsaming av reguleringsplan for Langebruvegen – Øyrane vart det påpeikt av fleire at det heller burde leggast veg over Firda Billag. Ny trafikkanalyse viste at dette ville vere likeverdig for trafikkavvikling. «Gruppa for trivsel og god trafikkavvikling i Førde» hadde i merknad til denne planen følgande forslag:

«Som ei straksløysing i påvente av framtidige omkøyringsvegar foreslår vi derfor at Naustdalsvegen over Øyrane og Fjellvegen/Hafstadvegen frå rundkøyring ved Førde Hotell vert utvida til gate med fire felt. Når det gjeld Naustdalsvegen kan dette gjerast ved utviding av vegen utan vesentlege inngrep i tilstøytande eigedommar. E39 kan utviklast til fire felt mellom rundkøyring ved Førde hotell og Hafstad ved at eksisterande veg vert rusta opp som miljøgate med to felt og at det vert etablert to felt i tunnel. Utfordringane vert kryss på Øyrane og rundkøyring ved Førde Hotell med påhogg til tunnel.»

Dette er seinare følgt opp av Asbjørn Steen, men avvist som urealistisk. Ordførar Grotle ber i avisinnlegg 16.11.2017 om at dei som har innvendingar mot Førdepakken konkretiserer kva som er feil. Feilen er at det ikkje er nytta ressursar til å utarbeide trafikkanalysar som viser at det finns andre løysingar enn det som ligg til grunn for val i Førdepakken. Ein trafikkanalyse der dei to bruene er tatt vekk og erstatta med tunnel frå rundkøyring ved Førde hotell til Hafstad vil vise at dette kan gi den beste løysinga for trafikken. Dette vil gi eit robust vegnett for sentrumstrafikk i Førde som også vil vere tenleg etter at tilfredsstillande omkøyringsvegar ev. er etablert. Ei slik løysing vil gjere vegen frå Øyrane til Langebruvegen og brua ved Førdehuset overflødig. Naudsynt avlastingsveg til Indre Øyrane må komme over Firda Billag. Ein slik veg vil også vere naudsynt for at ein skal utvikle området til ein framtidsretta kollektivterminal og utvikle eigedommen til utbyggingsføremål i samsvar med ko

mmuneplanen.


Overordna planar på kommunenivå skal rullerast etter behov og som hovudprinsipp i kvar valperiode. Når det gjeld trafikkplanen for Førde sentrum vert det vist til at Førdepakken er vedtatt av Stortinget og at planen ikkje kan endrast. Konkrete innspel om endring har konsekvent blitt avvist fordi dei ikkje kom i 2013.

Kommunedelplanen for trafikk bygger i hovudsak på opplegg frå 1997 med seinare oppdatering. Nye trafikkmodellar legg arealdelen frå 2007 til grunn. Ut frå dette er behovet for vegen vurdert etter ei planlagd utbygging av 30000 kvadratmeter handel og 150 bustadar (Hafstad og Indre Øyrane). Det var laga trafikkanalysar og planar for å få dette til å fungere, men heile tida låg alternativ for framtidig E39 og RV5 inne i kommuneplanen med tunnelløysing i Hafstadfjellet. Både brua ved Førdehuset og brua frå Langebruvegen har utgangspunkt i ei anna tid og begge bruene er konkretisert i plansamanheng på 90-talet som ein føresetnad for utviding av eit bilbasert handelssentrum.

Silingsrapportar som er utarbeidd i samband med handsaming av trafikkplanen legg hovudvekt på fordel for trafikant (bil), og det er ikkje vurdert vesentlege konsekvensar for tilstøytande utbygde område eller framtidig utbyggingsområde. Tiltaka er vekta etter nytteverdi (for bil) mot kostnad, og kommunedelplan for trafikk er ein vesentleg siger for bilen. Trafikkanalyse for fotgjengarar manglar i trafikkplanen. Fortausareal langs gate vert framstilt som glansbilde (eks. Langebruvegen).

Når det gjeld prosjekt Elvekanten, sidan dette er nemnt, har dette prosjektet fått ei løysing med bakgrunn i tidlegare plan. Sjølv om køyrearealet er forlenga med ca. 20m må det resterande arealet bli noko Arve Seger kan glede seg til å besøke. Det ligg midt i ein gangakse frå Storehagen til Sentrum sør. Grunneigar sitt ønskje i tidlegare planprosess var å utvikle torgareal mellom Ullsentralen og Førdekroa (fotgjengarareal frå Storehagen til ny gangbru) og det var utarbeidd gode skisser for løysing av tilkomst til «Meierikvartalet» og til framtidig buss-stasjon på Firda Billag av Kjartan Myklebust. Desse løysingane ville vore ein siger for fotgjengarane.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags