Du bør gå stille i dørene, Arve Seger

Kjartan Myklebust

Kjartan Myklebust

Av
DEL

Meiningar

I eit innlegg i Firda den 3. juni uttrykker du stor misnøye med eit nytt prosjekt i Storehagen, som om dette vil vere til stor skade for det framtidige Førde sentrum. Men uansett om dette prosjektet – i dine auge – kunne vore noko annleis, så blir dette ein liten detalj (bagatell), i høve til den øydelegginga av Førde sentrum som Førdepakken sin trafikkplan medfører. Denne trafikkplanen inneheld m.a. to nye bilbruer, som har som konsekvens at store biltrafikkmengder vert kanalisert tvers gjennom sjølve sentrumskjernen.

Ein slik trafikkplan (byplan) kunne kanskje vore laga for 50 år sidan. Men etter den tid har alle andre tettstader og byar meir og meir fokusert på planar for å føre biltrafikken utanom dei indre sentrumsområda. I Førde gjer ein altså det motsette, med det til følge at ein får utvikla og låst fast ei sterk forverring av sentrumsmiljøet, for mange 10-år framover. Førde kjem etter kvart til å bli berykta for sin «eineståande» trafikkplan. Denne trafikkplanen har du hovudansvaret for. Difor vil det vere det beste for deg at du no går stille i dørene. Svært stille.

Så kjem du med eit nytt innlegg i Firda den 11. juni. Her listar du opp problem i tilknyting til dei tunnelalternativa som må til for å føre biltrafikken utanom sentrums-kjernen. Det er berre det at ingen av desse problema er spesielt vanskeleg å løyse, viss ein tek i bruk litt kreativitet.

Nei; innlegget ditt ber sterkt preg av å vere ei forsvarstale. Men kvifor kjem du med denne forsvarstala? Det er kanskje slik at du no ikkje er særleg nøgd med Førdepakken sin trafikkplan, som du i stor grad er ansvarleg for?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags