Desperasjon om Førdepakken

FLYTTING: Desperasjonen kjem for ein dag når til og med flyttinga mi skal vere eit argument for å gjere om på Førdepakken. Kor usakleg kan det bli? spør Arve Seger.

FLYTTING: Desperasjonen kjem for ein dag når til og med flyttinga mi skal vere eit argument for å gjere om på Førdepakken. Kor usakleg kan det bli? spør Arve Seger. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
No skal du sjå, no skal Førdepakken stå og falle på Sivilarkitekten i Førde si meining om min kompetanse, og at Førdepakken skal vere min plan. Her er det ikkje mykje forståing av tid, plan, planlegging, samhandling, prosessar og kva som er mogeleg å få gjennomført. Dette og skilnaden på planlegging og prosjektleiing har eg nemnt for deg før, byen. Ser at det kan vere vanskeleg å forstå alt dette når ikkje eingong Sivilarkitekten.

Desperasjonen kjem for ein dag når til og med flyttinga mi skal vere eit argument for å gjere om på Førdepakken. Kor usakleg kan det bli?

Ut ifrå erfaringa med å få prosjektet Førdepakken vedteke i Stortinget, peika eg no sist på mogeleg krav og utfordringar som bør avklarast før slike prosessar med endringar startar. Då ser eg, byen, at krav til nye planar, tid og kostnadar med dette, at du får mest att no med å gjennomføre prosjektet.

Kjære Førdebyen, det er ikkje byplanen som blir diskutert no, men gjennomføringa og korleis du kjem best mogeleg i mål. Ein eventuell ny byplandiskusjon kan starte om det skulle bli gjort vedtak om prinsipielle endringar i Førdepakken. Eg har ikkje faglege tillit til Sivilarkitekten slik at eg vil nok ikkje delta i drøftingane på premissar om kven som er best.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags