Arve Seger og Førdepakken

Av
DEL

Lesarbrev

Under «Synspunkt» i Firda i dag (26.11.19) heiter det i ein bilet-tekst: «Arve Seger har m.a. tolv års erfaring som planleggar i Førde kommune». Det må vel forståast slik; at Arve Seger er godt kvalifisert for å lage ein byplan for Førde.

Men det blir dessverre heilt feil! Arve Seger er arkitekt – og dyktig som sådan, – men han har ikkje dokumentert nokon fagleg bakgrunn eller røynsle som byplanleggar. Likevel har han vore Førde kommune sin representant i Førdepakken-utvalet, og der fått sine idear formaliserte i den bortimot verste byplanen som tenkast kan, for Førde. Som Førde må slite med i mange tiår framover, dersom Førdepakken ikkje no blir teken opp til revisjon (slik som mange andre byar og tettstader har gjort, med sine pakkar).

Når Arve Seger no har flykta til Voss, rekna vi med at det var for å sleppe å oppleve det elendet som sentrumsplanen hans medfører.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags