Alternativ 1 ved Førdehuset er best og billegast

IKKJE MEIR: Angedalsvegen er ikkje tenkt å skulle ta meir trafikk enn no, men gjere nåverande trafikkmengd akseptabel, spesielt med omsyn til gåande og syklande. Difor er det ikkje feil med køyrebru kombinert med gang- og sykkelbru mellom Førdehuset og Hafstadparken. Då er alternativ 1 det openbert beste, skriv artikkelforfattarane.  Skissa viser dei ulike alternativa.

IKKJE MEIR: Angedalsvegen er ikkje tenkt å skulle ta meir trafikk enn no, men gjere nåverande trafikkmengd akseptabel, spesielt med omsyn til gåande og syklande. Difor er det ikkje feil med køyrebru kombinert med gang- og sykkelbru mellom Førdehuset og Hafstadparken. Då er alternativ 1 det openbert beste, skriv artikkelforfattarane. Skissa viser dei ulike alternativa. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKorleis skal den nye vegen krysse Jølstra ved Førdehuset? Bystyret i Førde gav i møte 28. februar 2019 planfagleg råd om tiltak 1 i Førdepakken. Bystyret valde at det såkalla alternativ 2 skal leggast til grunn for det vidare arbeidet med reguleringsplan. Sidan denne brua vil ligge lenger unna Førdehuset enn alternativ 1 vart det vedteke at det i tillegg skal planleggast ei ny gang- og sykkelbru med same trasé som i alternativ 4.

Underteikna av dette innlegget som var medlemer i planutvalet (2015-2019), stemde saman med MDG og resten av SV, for at alternativ 1 burde leggjast til grunn. Dette alternativet tar opp i seg omsynet til gåande og syklande samtidig som nærleiken til Førdehuset ville gi optimale synergiar i høve til å utnytte tilboda på begge sider av elva. Arkitektonisk, med bru vinkelrett på elva, er det også den beste løysinga.

Eit vesentleg moment, og som er betydeleg underkommunisert er, avhengig av om det skal vere fundament i elva eller ikkje, at alternativ 1 er mellom 77 og 100 millionar kroner billegare enn alternativ 2. I tillegg kjem kostnader med ekstra gang- og sykkelbru.
I begge alternativa blir kunstgrasbana skadelidande. Viktigaste skilnaden blir då at parkeringsplassen framfor Førdehuset blir erstatta av ei rundkøyring eller eit T-kryss. Alle er samde om at kunstgrasbana må erstattast om den ryk. Det vert arbeidd med å finne ny plass til denne.

Men aller største skilnaden er at prisen ved å velje alternativ 2 altså er inntil 100 millionar høgre enn alternativ 1. Dette er nok til langt på veg å kunne realisere alternativ 20 som er brua mellom Øyrane og Halbrendsøyra. Kommunedirektør Østenstad er bekymra av bortfallet av 8 millionar kroner i overføringar etter kommunesamanslåinga. Burde ikkje same bekymringa gjelde for dei 77–100 millionane?

Mange hevdar at det ikkje er naudsynt å byggje noko anna enn ei gang- og sykkelbru. Men dette føreset ein dramatisk nedgang i biltrafikken. Er dette realistisk? I alle fall ikkje hos Vegvesenet som har rekna på dette, og er våre fremste ekspertar på det. Det er eit uomtvisteleg faktum at dei store partia i Førde (Senterpartiet, Høgre og Arbeidarpartiet) alle går inn for at køyrebrua skal realiserast.

Mange meiner at bilkøyringa må avgrensast. Men vi ser at den auka bruken av elbil fører til at folk køyrer med betre samvit, og vi får då ikkje den ønska reduksjonen. Kjem vi så langt, her i Førde med vårt klima, at ein tenkjer seg eit bilfritt Førde sentrum? Dei fleste av oss kan gå meir, og sykle meir, ja. Det må vi framleis legge til rette for. Gjennom Førdepakken har vi mellom anna i desse dagar fått ferdig ein flott gang og sykkelveg frå Viebrua til Hafstadparken, langs elva.

Førdepakken legg opp til å fordele trafikken meir, til dømes slik at dei som kjem aust- og nordfrå og skal til sentrum og/eller sjukehuset køyrer til destinasjonspunktet, og ikkje så mykje fram og tilbake gjennom sentrum etter først å ha måtte bruke Langebrua og/eller Storehagen bru.

Angedalsvegen er ikkje tenkt å skulle ta meir trafikk enn no, men gjere nåverande trafikkmengd akseptabel, spesielt med omsyn til gåande og syklande. Difor er det ikkje feil med køyrebru kombinert med gang- og sykkelbru mellom Førdehuset og Hafstadparken. Då er alternativ 1 det openbert beste. Og hugs: Den er inntil 100 millionar kroner billegare enn dei andre alternativa.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags