Plassering av ny kulturskule

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevNår Førdehuset opna i 1976,var det eit signalbygg for Førde.Eg tykkjer huset står seg godt også i år 2017.Fasaden mot elva og vegen har store vindaugsflater som slepp mykje lys inn,det gjer det lyst og triveleg inne,spesiellt i kafeområdet og ikkje minst på vårt flotte bibliotek,som mange nyttar dagleg.

Rådmannen har lagt fram 3 framlegg til ny kulturskule. Alternativ 2 og 3 er dei mest realistiske,skriv han.Fleirtalet i samfunns- og utviklingskomiteen går inn for alternativet bak Førdehuset,mens mindretalet vil ha alt 3 med plassering rett framføre biblioteket og kafeen, og dermed forsvinn mykje av det viktige dagslyset inne.

Kva med å tenkje litt vidare. Vi har ein diger, stygg parkeringsplass lenger nede. Kva om vi gjekk for alternativ 3, men flytta det ned dit? Det ville gitt mange fleire mogelegheiter for utviding seinare,vi ville fått bilane under søylene til kulturskulen,og vi ville støtta Rådmannen sine tankar om at nye prosjekt i sentrumskjerna,skal har parkering for bilane skjult. At opne, store parkeringsplassar ikkje vert tillate bygd i framtida.Her kan kommunen gå framom med eit godt eksempel sjølv.   

Så ville vi fått eit nytt signalbygg å vise fram i 2020, saman med det gamle frå 1976.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags