Førdehuset og heilage kyr

IDENTITET: Det fine med bygg som Førdehuset er at dei er noko meir. Dei har historie , har identitet, skaper fellesskap, skriv artikkelforfattaren..

IDENTITET: Det fine med bygg som Førdehuset er at dei er noko meir. Dei har historie , har identitet, skaper fellesskap, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevJa, for Førde og Sunnfjord har Førdehuset ein særleg plass! Det fine med bygg som Førdehuset er at dei er noko meir. Dei har historie, har identitet, skaper fellesskap. Det er dette redaktøren i Firda ikkje har med seg i ein heller respektlaus kommentar om Førdehuset og flytting av institusjonar til «sentrum».

Her tek han til orde for å flytte biblioteket og kinoen til det framtidige «Nynorskhuset», og påstår at det er framtida for eit aktivt og pulserande sentrum. Personleg innfrir her redaktøren det eg frykta ville komme frå initiativtakarane til dette prosjektet. Under tvil har eg likevel støtta teateret sin søknad om å vere med, særleg fordi eg er oppteken av at nynorsk språk er sterkt truga som minoritetsspråk, og fordi eg har tankar om kor viktig nynorsk språk er for Førde og Sunnfjord. Men eg har ikkje tankar om å tømme Førdehuset og gi slepp på ideen om «Det utvida kulturomgrepet» som skapte dette unike kulturbygget. Det er historielaust og lite visjonært.

At flyttinga av teateret kan kome til å auke støtta til teateret med 5 millionar per år, meir enn nokon politikar har tenkt å auke kulturbudsjettet med elles, var ein stor tankekors for meg då saka var i bystyret, men Fylkestinget i Sogn og Fjordane si støtte gav meg tru på prosjektet. Derimot trur eg ikkje 1 mill. frå staten er godt nok. Kanskje det er difor redaktøren vil få kommunen med på endå større leigekostnader?

Nei, då vil eg heller arbeide for å byggje om, utvikle, Førdehuset, slik at biblioteket, kinoen, festsalen, den store salen, blir moderne og brukarvenlege, og kafeen får ei andletsløfting. Sjølv om Førdehuset no har fått eit tilbygg for å romme den nye kulturskulen, ser eg at det og er på tide å gjere noko med hovudbygget, over tid.

Det som fekk meg engasjert, provosert om du vil, var slutten på «stilen om framtidas Førde», med ei helsing at politikarane ikkje måtte gjere dette prosjektet til ei sak om sjukeheimsplassar. Den synest eg er dryg å dra i seg i desse tider. Eg har jo tidlegare og sett redaktørens meir lause omtale av kommunal pengebruk.

For Sunnfjord kommune og ansvarlege politikarar med føtene på jorda må tenestene ha høgste prioritet, særleg innan pleie og omsorg. Det er dei utfordringane vi står framfor her, vi må løyse først og fremst. Og så skal vi ha omsut vidare for både institusjonar og personell knytt til Førdehuset og Førde!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags