Bruvedtak ved Førdehuset er eit verdival

ENGASJEMENT: Det store folkelege engasjementet for å bevare området framføre Førdehuset understrekar viktigheita av å kunne sjå konsekvensar og samfunnsmessige effektar i et større og lenger perspektiv, står det i artikklenen frå Førde IL her representert med   Arrne Helgheim, t.v., Tor Opseth og  Per Øyvind Storevik.

ENGASJEMENT: Det store folkelege engasjementet for å bevare området framføre Førdehuset understrekar viktigheita av å kunne sjå konsekvensar og samfunnsmessige effektar i et større og lenger perspektiv, står det i artikklenen frå Førde IL her representert med Arrne Helgheim, t.v., Tor Opseth og Per Øyvind Storevik. Foto:

Av
DEL

MeiningarOpe brev til politikarane i Førde.

I sakspapir og politiske ytringar er det lagt stor vekt på at Førdehuset og arealet rundt har stor regional verdi, og viktigheita av å kunne ta vare på desse verdiane som området rundt Førdehuset representerer for dei ulike brukargruppene. Men vil politikarane ta omsyn til desse verdiane når endeleg avgjerd om bru frå Hafstadvegen til Angedalsvegen skal fattast?

Denne «brusaka» er svært viktig for mange i og rundt Førde-samfunnet, og det handlar om så mykje meir enn å «ofre» ei gammal kunstgrasbane framføre Førdehuset til trafikkføremål.

Er ønskje ein arena for identitetsskapande aktivitet – ein møteplass i sentrum for kultur, idrett og større tilstellingar – ei utandørs storstove for Sunnfjord og Førde? Eller skal ein berre stå igjen berre med eit trafikkavviklings-område framføre Førdehuset? Det er det dette handlar om.

Førde IL understrekar med dette viktigheita av å prioritere verdien av området rundt og framføre Førdehuset, slik at dette kan bestå og utvikle seg på ein tilfredsstillande måte. Dersom de som politikarar vel «trafikkmaskina» utan omsyn vil enn hevde at dette representerer ein kortsiktig tenking – der ein i stor nok grad ikkje ser heilskapen. Dette med tanke på kva betydning ein sentralt plassert møteplass – ein arena for idrett og kultur vil kunne ha i et framtidsretta perspektiv for Førde og den kommande Sunnfjord kommune. Eit endeleg bruvedtak handlar til sjuande og sist om at de som politikarar må ta eit verdival.

At det hastar med tiltak 1 er forståeleg, men denne saka er så viktig for allmenta at det bør brukast meir tid til å vurdere alternative og tilpassa løysingar. Vedtaket frå bystyret den 28.02.19 står det m.a. ««Pkt. 2. Krysset i Angedalsvegen (T-kryss eller rundkøyring) skal vurderast og fastleggast i det vidare arbeidet. Krysset skal utformast på ein slik måte at det løyser utfordringa med bilar, syklande og gåande ved Førdehuset, og at det i minst mogeleg grad kjem i konflikt med kunstgrasbana.»

Førde Idrettslag har engasjert seg sterkt i motstanden til bruløysingane, og har oppfordra politikarane til å gå for ei løysing som ikkje øydelegg kvaliteten på uteområda og den funksjonelle infrastrukturen ved Førdehuset. Politikarane må følge opp tidlegare fine ord om mellom anna «å snu alle steinar» for å finne den beste framtidige løysinga for området framføre Førdehuset.

Løysingar der ein går inn for å redusere arealbruken for trafikkavviklings-området, t.d. å vurdere gang-sykkelsti berre på eine sida av vegbana/rundkøyringa bør takast til nærmare vurdering.

I kombinasjon med gang- og sykkelbru frå Hafstadparken til Førdehuset ville enn då kunne oppnå ei formålstenleg «kompromissløysing».

Førde kommune gjennomførte planverkstad 27.06.19 med temaet areal og funksjonsprogram for området kring Førdehuset. Her var det berre ei bru- og vegløysing med rundkøyring som vart lagt fram for området – ein kunne dermed mest tru at det alt var gjennomført eit endeleg vedtak i saka?

Ønskje om ein framtidig arena- og anleggsutvikling med internasjonale kvalitetar, som kjem fram i Kommuneplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, blir svært vanskeleg å følge opp når ein ser dette sentralt plassert i Førde. Kvar vil politikarane i Førde/Sunnfjord eventuelt finne ei sentral plassering av utandørs stadionanlegg?

Økonomiske konsekvensar for andre alternativ til bru-løysinga frå Statens vegvesen er eit tema som er sterkt fokusert, men i denne samanhengen høyrer vi lite til kostnadsberekningar som måtte komme til dersom kunstgrasbana og infrastrukturen ved Førdehuset må erstattast. «Alle» ser at dette samla sett blir kostbart og arealkrevjande. De som politikarar må krevje at heile det økonomiske bilde blir synleggjort og lagt fram før vedtak i saka skal fattast!

Førde IL vil i så måte minne politikarane på vedtaket i Bystyret den 28.02.19: «Pkt. 3.2. Rådmannen skal omgåande starte arbeidet med utgreiing av ei sentralt plassert erstatningsbane for kunstgrasbana ved Førdehuset, slik at dette er avklart i god tid dersom bana må reduserast i størrelse. Slik utgreiing skal avklare plassering, omfang økonomi og tidsramme for dette. Relevante aktørar skal involverast i utgreiingsarbeidet for å finne den beste mogelege løysinga. Saka skal attende til politisk handsaming før reguleringsplan for brua vert lagt ut på høyring.»

Aktivitetsnivået for kunstgrasbana pr. i dag tilseier at det ikkje er plass, eller kapasitet, andre stadar i Førde til å gjennomføre både trening og kamp (skulane sine behov) på ein god måte. En minner her om at enn allereie har enn betydeleg underkapasitet i Førde når det gjeld tal aktive utøvarar i fotball opp mot aktuell mal for kapasitet på 11-baner (kamp-avviklings arena) som ligg føre for dette frå Norges Fotballforbund. Dersom bana må reduserast i størrelse vil Førde IL krevje at sentralt plassert erstatningsbane er på plass før kunstgrasbana ved Førdehuset blir tatt i bruk til trafikkføremål.

Vi er overtyda om at ei tilpassa bruløysing, som kan bevare området framføre Førdehuset er til det beste for framtida, og kan forsvarast økonomisk totalt sett når alle kostnader blir lagt til grunn.

På denne måten kan få varetatt frivilligheita og folkehelsa gjennom lag og organisasjonar og den enkelte innbyggar i Førde-samfunnet.

Dette aktualiserer igjen det vi omtalar som et verdival.

Det store folkelege engasjementet for å bevare området framføre Førdehuset understrekar viktigheita av å kunne sjå konsekvensar og samfunnsmessige effektar i et større og lenger perspektiv.

De som politikarar som har siste ordet, og Førde IL rår med dette Dykk som politikarar om å bestille eit brualternativ som ikkje øydelegg uteområdet og det som er bygt opp ved Førdehuset, og dermed tek i vare dei unike verdiane og potensialet som dette sentralt plasserte området representerer for noverande og etterkommande generasjonar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags