Premissar ved tomtesal på Farsund

Farsundfeltet, Sunde.

Farsundfeltet, Sunde. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevBebuarar i nordvestre delen av Farsundfeltet kjem i lesarinnlegg i Firda 6. november med påstandar knytt til pågåande reguleringssak som Førde Tomteselskap ynskjer kommentere.

Det vert vist til at Tomteselskapet i si tid kom med lovnad om at området i nordvest ikkje ville bli regulert til bustadføremål i framtida. Tomteselskapet har ikkje mynde til å bestemme kva som skal skje med annan manns grunn i framtida, det er det lovverk, offentlege instansar og grunneigar som kan legge føringar for. I kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 er det lagt inn nytt byggeområde (B9) nord for eksisterande bustader, noko som er i tråd med strategi om fortetting av eksisterande bustadområde og målet om effektive transportløysingar. Frå Farsund er det også trygg gang- og sykkelveg til Sunde skule og Sunde barnehage, og kort avstand til framtidige arbeidsplassar i Sunnfjord næringspark på Moskog som no er klart til etablering av nye verksemder.

Det vert vidare hevda i lesarinnlegget frå bebuarane at den nye detaljplanen for Farsund-feltet legg opp til ein høgdeforskjell på opptil 6 meter mellom dagens bebygde tomter og den nye vegen som skal komme og stiller spørsmål om høge murar no er greitt. Vidare vert det hevda at profilskissa som er laga, viser at det må sprengast ut store mengder berg og etablerast fjellskjeringar på opptil 8 meter bak dei nye bustadene og at det vert høge rasvollar.

I samband med offentleg høyring av planforslaget kom det spørsmål frå naboar om terrenghøgder i grunnkartet. Ved nærare ettersyn viste det seg at det var gjort større terrenginngrep nord for etablerte bustader, utanfor tomtegrense, som ikkje låg inne i tilgjengeleg kartgrunnlag. Nytt kart frå 2015/2016, viser at terrenget er senka inntil 6 meter der ny vegtrase er planlagt, og at det er utført omfattande sprenging spesielt bak nokre av eksisterande tomtar. Med bakgrunn i dette vart det utført endringar i planforslaget, mellom anna flytte snuhammar austover og justere ned høgdene. Proffilar for planlagt veg viser korleis ein tenker seg å utforme veg, med mur og skråning der ein held seg innanfor makshøgde for murar på 2,5 m nedfelt i arealdelen.

Det vert ikkje 8 m fjellskjeringar som hevda, då det i føresegner er krav om at terrenget på nordside av bygga skal fyllast opp, minimum til golvnivå i plan 2. Så i praksis kan det vel verte skjeringar på eit par meter slik det er på fleire tomtar i dagens felt.

Bebuarane hevdar og i innlegget at det skal etablerast høge rasvollar. Dette er heller ikkje tilfelle. Det er planlagt avbøtande tiltak mot rasfare. Dette er tenkt løyst frå prosjekterande geolog med mur på 1m høgde og grøft på oppsida av mur, ei løysing godkjent av NVE.

Det er positivt at bebuarane er opptekne av økonomien i tomteselskapet. Tomteselskapet vurderer sjølvsagt økonomi i våre prosjekt og vi kan berolige med at vi ikkje vil starte prosjektet om vi ikkje trur det er økonomi i det. Det som bekymrar oss når det gjeld økonomi er at i framlegget frå rådmann er tomt nr. 100 tatt ut, noko som resulterer i lågare inntekter, i tillegg er det ei rekkje krav knytt til tiltak ved E39, nytt kryss, etablering av ny busslomme, bygging av forbikjøringslomme samt intensivbelysning der gåande skal krysse E39. Nemnde tiltak har og sjølvsagt store positive sider for bebuarane i Farsundfeltet og for vegfarande, men er ei utgift tomteselskapet meiner eigaren av vegen, Vegvesenet burde dekke. I dag ligg det 6 tomter langs Storemyrvegen som ikkje kan seljast grunna rasfaren. Desse kan først seljast ved utviding mot nordvest med planlagt ras-sikring. For å få økonomi i planlagt utbygging på Farsund er det difor avgjerande for tomteselskapet at ein får bygge ut områda både mot aust og mot nordvest.

Det er forståeleg at bebuarar i nordvestre del av Farsundfeltet vernar om og fremjar sine interesser ved rullering av kommuneplan og ved reguleringsarbeid. Men det er ikkje greitt at ein set fram usanne påstandar for å styrkje sine interesse. Planframlegget er tilgjengeleg hos Førde kommune og kan sjåast der om ein ynskjer sjå på høgder på planlagde murer, fjellskjeringar og utforming av tiltak mot ras.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags