Bagatellisering av store terrenginngrep på Farsund

"Terrenget bak husrekka i nordvest er bratt, men er likevel eit kjærkome frileikområde både vinter og sommar. Kvar dag leikar borna våre her. Midt i denne akebakken er det planlagt ein veg oppbygd med mur og fyllingar tett inntil eksisterande hus. Vidare nordover er landskapet totalt ueigna for slik leik på grunn av tett skog, særs bratt og farleg terreng", skriv artikkelforfattarane.

"Terrenget bak husrekka i nordvest er bratt, men er likevel eit kjærkome frileikområde både vinter og sommar. Kvar dag leikar borna våre her. Midt i denne akebakken er det planlagt ein veg oppbygd med mur og fyllingar tett inntil eksisterande hus. Vidare nordover er landskapet totalt ueigna for slik leik på grunn av tett skog, særs bratt og farleg terreng", skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarFørde tomteselskap svarar i Firda 8.november på vårt innlegg av 6.november, der vi er kritiske til forslaget om å presse inn nye tomter i fjellsida nordvest for dagens bustadfelt på Farsund. Det verkar som at tomteselskapet prøver å bagatellisere kva for terrenginngrep som må til for å få plass til ei ny tomterekkje.

Vi som bur i den nordvestre delen av Farsundfeltet, står fast på at vi opplever at Førde tomteselskap har selt tomter på falske premissar. Dersom vi hadde visst at det skulle kome fleire tomter, mur og veg rett bak husa våre, så ville vi ha utforma tomteløysinga og husteikningar på ein annan måte eller kjøpt tomt ein annan plass i området.

Dagleg leiar Gisle Stafsnes, skriv at tomteselskapet ikkje har mynde til å bestemme kva som skal skje med annan manns grunn i framtida, det er det lovverk, offentlege instansar og grunneigar som kan legge føringar for. Dette har han nok rett i, samstundes opplever nok folk flest at Førde tomteselskap er ein representant for Førde kommune og dermed ein offentleg instans med slik mynde. Det endrar imidlertid ikkje det faktum at samtlege i den nordvestlege bustadrekka fekk lovnad om at det ikkje skulle kome nye tomter i nordvest. Vi håpar på forståing for at vi som bebuarar reagerer, når lovnader blir brote så kort tid etter at dei vart gjeve.

Vi har hevda at den nye detaljplanen for Farsundfeltet legg opp til ein høgdeforskjell på opptil 6 meter mellom noverande tomter, og den nye vegen som er planlagt tett inntil husa våre. Tomteselskapet hevdar at dei skal halde seg innanfor makshøgde for murar på 2,5 m. Vi har studert karta og teke utgangspunkt i høgdekotene på tomtene våre. Etter det vi kan sjå, vil det vere ein høgdeforskjell på opptil 6,3 meter i form av murar og fyllingar frå nordsida av dagens planerte tomter og opp til den nye vegen.

Til dømes ligg huset på tomt nr. 93 ved ei kotehøgde på 81,7 m. Planlagt ny veg er skissert på kotehøgde 87- 88 m nord for denne tomta. Dei faktiske høva i terrenget stemmer ikkje heilt nøyaktig med kartet, og høgdeforskjellen blir her frå 5,3 til 6,3 meter. Dersom ein tek utgangspunkt i tomt nr. 96, så ligg huset på kotehøgde 82,6 m. Planlagt ny veg er skissert på kotehøgde 88 m rett bak huset. Det inneber ein høgdeforskjell på 5,4 meter. Vi meinar desse tala talar for seg sjølv.

Vidare kommenterer Gisle Stafsnes at det ikkje vil bli fjellskjeringar på opptil 8 meter bak dei nye bustadane, då det i føresegner er krav om at terrenget på nordsida av dei nye husa skal fyllast opp, minimum til golvnivå i plan 2. Han hevdar at det i praksis kan verte synlege skjeringar på eit par meter. Vi vil då påpeike at det er bratte fjellskråningar nord for desse planlagde tomtene. Om ikkje fjellskjeringane kjem tett inntil dei planlagde husa, så vil bratte fjellskråningar kome like ovanfor. Profilskissa som er sendt til planutvalet, dokumenterer svært store terreng-inngrep for å kunne bygge i bratthenget.

Dette blir stadfesta av rådmannen som innrømmer i si saksutgreiing at den nye bustadrekkja i nordvest vil endre omgjevnadene, og han skriv at den kan virke dominerande på den etablerte bustadrekkja.

Vi står fast på at dette prosjektet er eit paradoks sidan eigarane av tomtene i nordvest fekk beskjed frå kommunen om at dei måtte sprenge seg lågast mogeleg ned i terrenget, for å unngå mykje muring og høgdeforskjell mellom tomtene.

Det planlagde bustadprosjektet vil medføre omfattande arbeid for sikring av det nye bustadområdet med rasvollar og kostnadar for vedlikehald. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ikkje direkte motsegn til planane, men skriv følgjande i brev til Førde kommune datert 07.09.16:  ”Generelt rår NVE frå å bygge ut område som treng sikring for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik”.  

Gisle Stafsnes skriv at det er positivt at bebuarane er opptekne av økonomien i tomteselskapet, og at dei ikkje kjem til å starte dette prosjektet, om ein ikkje trur det er økonomi i det. Vidare skriv han at noko av det som bekymrar tomteselskapet når det gjeld økonomi, er at i framlegget frå rådmannen, er tomt nr 100 teke ut, noko som resulterer i lågare inntekter. Ut frå dette, kan det tenkast at inntektsgrunnlaget i dette prosjektet i utgangspunktet er marginalt.

Bustadprosjektet i nordvest kan sjå ut til å by på utfordringar, både i forhold til økonomi og at det er ein stor og uheldig inngripen i eit terreng som er så bratt at det ikkje er eigna for bustadføremål. Vi har vanskeleg for å forstå kvifor ein skal satse på nettopp dette bustadprosjektet. Spesielt sidan området i nordvest er eit viktig og kjærkome friområde for leik og naturleg utfalding i naturen.

I brev frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane av 29.08.2014 og 20.07.2015, visast det til at det er viktig at det vert planlagt tilstrekkeleg med eigna leikeplassar for barn i alle aldre. Det presiserast at areal som er sett av for friluftsliv/leik i gjeldande reguleringsplan/kommuneplan ikkje bør omdisponerast.

Farsundfeltet er allereie avgrensa for frileik i fleire retningar, med klipper mot Jølstra i vest, E39 og Movatnet i sør, og inngjerda beiteområde i aust. Dei nye endringane innskrenkar enda meir høva for borna våre til viktig frileik og naturleg utfalding i friområder. Kvar dag leikar born i området som no er sett av til bustadføremål i nordvest. Vidare nordover er landskapet totalt ueigna for leik på grunn av tett skog, særs bratt og farleg terreng. Dermed vil bustadbygging i nordvest være uheldig også sett i eit helseperspektiv. Vi meiner at planarbeidet har vesentleg verknad på miljø og samfunn.

Friområdet i nordvest er svært viktig for oss bebuarar. Vi merkar oss med vemod at Gisle Stafsnes i sitt innlegg ikkje synast å ville kommentere på dette. Det kommenterast heller ikkje på vår oppleving av den alvorlege inngripen og endringa ei slik utbygging inneber for vårt nærområde. Vi har busett oss her med eit livsperspektiv, og kan difor ikkje berre vere passive tilskodarar til denne prosessen.

Vi håpar at vårt syn har blitt tydeleggjort for politikarane i planutvalet, og at dei vel å stoppe vidare politisk handsaming av nye tomter nordvest i Farsundfeltet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags