Vi bryr oss om deg, Førde

BRYR OSS: Førde. Vi bryr oss om deg. Og vi skal ta deg inn i framtida så godt vi kan. Det blir nok gjerne etter metoden «to steg fram og eitt tilbake». Men vi er på rett veg, skriv artikkelforfattaren.

BRYR OSS: Førde. Vi bryr oss om deg. Og vi skal ta deg inn i framtida så godt vi kan. Det blir nok gjerne etter metoden «to steg fram og eitt tilbake». Men vi er på rett veg, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevTakk, Arve Seger, for at du løftar ein god og viktig debatt om Førde sentrum! Du er svært så tydeleg i bodskapen: No må politikarane slutte å vedta planar og så gå forbi dei.

Det siste eksempelet er frå Elvekanten, det nye flotte bygget som kjem på det eg vil kalle «Førde sin styggaste plass», grusparkeringa ved elva bak Handelshuset. Utfordringa med bygget er innkøyrsla til parkeringskjellaren under bygget. Eg var ein av dei som stemte imot innkøyringsrampe midt i det som kan bli ein nytt torg. Dette som kan bli ein myldreplass for aktivitet rett ved Jølstra, når det no kjem gangbru frå denne sida og over til Tangen på sørsida. Dessverre var det berre MDG og Venstre som ville det slik i bystyret denne gongen. Eg er likevel sikker på at vi får eit løft med det nye bygget, ny gangbru og torg. Men dessverre ikkje eit så stort løft som det kunne bli.

Eksempelet er langt frå eineståande, og slik blir det gjerne i ein by som på 50-talet talde eit par hundre innbyggjarar og som voks fram på veldig kort tid. Men vi bryr oss! Førde er elska, godt likt, mislikt og hata. Førdianarar og folk elles i fylket bryr seg – anten det gjeld gatestrukturar og torg, handel, parkeringsplassar eller arbeidsplassar.

Åge Avedal

Åge Avedal Foto:

Det vil alltid vere utfordrande å balansere omsynet til utvikling og vekst opp mot omsynet til estetikk, rekreasjon og miljø. I Førdepakken og dei mange utbyggingssakene som er på beddingen i Førde kjem vi til å møte på desse utfordringane gang på gang.

Førde sentrum har vore, og er,   gjennom ein endringsprosess til det betre. Ofte blir det bra, men av og til snublar vi. Om eg skal tillate meg å lage ei ønskjeliste for Førde sentrum dei nærmaste 20 åra vil den sjå slik ut:

1. Vi må få på plass ei parkeringsordning og flytte bilar frå gata og under jorda eller inn i hus.

2. Vi må få ein sentral torgplass i Førde med bodar, leikeplass, utescene og uteservering.

3. Vi må få lagt riksveg 5 mellom Handelshuset og Elvetorget under bakken og lage Førde sin «Torgallmenning» der vegen går i dag.

4. Vi må halde fram med å bygge byen gjennom bygg med spennande arkitektur og ha husvære i alle prisgrupper til folk i alle aldrar.

5. Vi må få betre kollektivtilbod og gang- og sykkelvegar, slik at bilen kan stå.

6. Vi må ha tydelege gatestrukturar og skape gode byrom som blir sosiale møtestader.

7. Vi må ha opne butikkfasadar og liv og røre frå kaféar og butikkar på gateplan.

8. Vi må ha grøntareal og opne byen endå meir opp mot elva og fjorden.

9. Vi må ta vare på og aktivt nytte kulturminne og historiske minnesmerke for å bygge identitet og vise fram historia til Førde.

10. Vi må ta posisjon som Nynorskhovudstaden og dyrke merkevara «den finaste bygdebyen».

Førde. Vi bryr oss om deg. Og vi skal ta deg inn i framtida så godt vi kan. Det blir nok gjerne etter metoden «to steg fram og eitt tilbake». Men vi er på rett veg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags