Førde, ein barnevenleg by?

På Fagernes har dei lagt ein innhaldsrik park midt i sentrum som tiltrekk seg fastbuande og besøkande i alle aldrar!

På Fagernes har dei lagt ein innhaldsrik park midt i sentrum som tiltrekk seg fastbuande og besøkande i alle aldrar! Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Det er mykje snakk om byutvikling i Førde og korleis sentrum og nærområda rundt skal utviklast. Dessverre høyrer vi lite om korleis det skal leggjast til rette for barn og unge.

Gode byrom er stader der ein frivillig vel å opphalde seg, og der byen «kjem til liv». Eit godt sentrum treng aktivitetar og møtestadar som tiltrekker seg glade og nøgde menneske. Barn og unge er ein viktig del av dette bybildet. Er målet eit attraktivt og urbant preg på Førde by, så treng ein rom som også tek i vare folk som ikkje skal handle eller skal på jobb. Eg etterlyser attraktive uterom for dei yngste, med leik, barnelatter og yrande folkeliv.

Kjære Førde by, de har gløymt dei aller yngste. Med mindre ein trakkar inn i burettslag, sameige eller barnehagar, finn ein knapt nok utandørs leikeområde for dei minste. Parken ved Jølstra er blitt eit fint og etterlengta rekreasjonsareal med fleire gode kvalitetar. Dessverre er det lite å ta seg til for ein aktiv treåring medan storebror boltrar seg i klatretårnet. Med eit inngjerda leikeområde vil parken kunne få ei mykje større målgruppe, og meir aktivitet på dagtid.

Hafstadparken er eit fantastisk parkanlegg som har heva kvaliteten på tilgjengelege og varierte tilbod og aktivitetar i Førde. Men visjonen «Ein park for alle» er ikkje treffande så lenge det ikkje er lagt opp til noko aktivitetstilbod for barn under skulealder. Rett nok er det ein privat barnehage i området, men det er vel ikkje meininga at småbarnsforeldre skal ta seg bruk av denne for å kunne tilby dei yngste eit stimulerande og utviklande leikemiljø?

Ikkje undervurder leikeplassen!

I kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv saknar eg eit større fokus på kvardagsaktiviteten. Vi kjenner samanhengen mellom fysisk aktivitet og god folkehelse både fysisk og mentalt, og myndigheitene si klare oppmoding om mindre skjermbruk og stillesitting, og auka rørsle og aktivitet for alle aldersgrupper. Vi treng tilbod for dei som av ulike grunnar ikkje deltek i den organiserte aktiviteten, som dei aller yngste. Desse barna treng også aktivitetsfremjande omgjevnader som fristar til deltaking, som skapar tilhøyrsel, der dei kan springe, klatre, balansere, skli, og ikkje minst treffe andre på ein trygg og inspirerande måte. Gjennom fokus på kvardagsaktivitet for alle aukar ein den fysiske aktiviteten, betrar helsa og aukar trivselen.

Gi oss difor ein freistande leikeplass med varierte aktivitetar i barnehøgde. Ein samlande møtestad der ein får høve til å verte kjend med andre barn og vaksne. Eit uformelt og tilgjengeleg område som bidreg til inkludering og integrering, og at alle barn får oppleve glede og meistring i sosialt og kulturelt fellesskap. Barnefamiliar, foreldre med barn utan (full) barnehageplass, besteforeldre og dagmammaer, barnehagar og skular i nærområdet, turistar og tilreisande, alle, vil kunne få eit etterlengta tilbod, og byen kan opplevast som meir aktiv og levande.

Ein by for barn

I samfunnsplanen for Førde kommune ønskjer ein å tilby gode oppvekst- og fritidstilbod for å auke attraktiviteten som bustadkommune. Er ein opptatt av folkevekst og vil tiltrekkje seg småbarnsfamiliar og andre i etableringsfasen, bør ein tilby attraktive og trygge område som gir meining for alle aldrar. Det er lovande at Førde kommune i handlingsprogrammet planlegg ein eigen plan for «Gode oppvekstmiljø for barn og unge», og det kjem også ein strategi for sentrumsutvikling. Eg håpar arbeidet syner fleire tiltak som tek i vare barn og unge i bybildet. For skal Førde vere ein god stad å vekse opp, må det også leggast meir til rette for barn i det offentlege rom.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken