Førde som attraktiv arbeidsstad

Grei avstand: I nær framtid vil ein arbeidsplass som blir etablert i Førde, òg vere ein arbeidsplass om lag halvparten av dei som bur i fylket vil ha ein grei pendlaravstand til, skriv Grotle.

Grei avstand: I nær framtid vil ein arbeidsplass som blir etablert i Førde, òg vere ein arbeidsplass om lag halvparten av dei som bur i fylket vil ha ein grei pendlaravstand til, skriv Grotle. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevEi utfordring for Distrikts-Norge er evna til å rekruttere arbeidskraft, og særleg arbeidskraft som krev høg kompetanse. Mange meiner utfordringa vil forsterke seg framover. Dels skuldast dette den generelle sentraliseringa, dels fordi det stadig blir stilt høgre krav til arbeidskrafta, og dels fordi det i åra framover vil bli eit aukande tal tilsette i distrikta som blir pensjonistar. Ein måte å møte desse utfordringane på er å etablere sterke bu-, arbeids- og serviceregionar, gjerne rundt ein mellomstor by. Dette har vore ein strategi for både den førre raud-grøne regjeringa, og dagens regjering.

Den største bu- og arbeidsregionen i fylket vårt finn vi i Sunnfjord, med byane Florø og Førde som vekstmotorar, kor sistnemnde er den største og på mange måtar den leiande. Forutan at Førde har mange av dei bu-, service- og aktivitetstilboda større byar gjerne har, peikar regionbyen seg òg ut med ein uvanleg stor arbeidsmarknad. Heile 9.435 personar har arbeidsplassen sin i Førde, og av desse arbeider 5.483 i privat sektor. Talet er svært høgt, og når det gjeld privat sektor er det berre nokre få andre kommunar i heile landet som har fleire slike arbeidsplassar i høve til folketalet.

Ei viktig side ved den store arbeidsmarknaden i Førde er evna dette gir til å rekruttere arbeidskraft, og her scorar Sunnfjord-byen svært godt. Forutan at dette viser igjen i sysselsetting-statistikken, er dette òg inntrykk som stadig blir formidla frå arbeidslivet. Sjølv har eg dei seinare dagane fått stadfesta Førde si store evne til å rekruttere arbeidskraft både hos skipsdesignar-firmaet Multi Maritime og hos Fredskorpset. Sistnemnde fekk nyleg 238 søknader til 14 stillingar, og melder at det i søknadsbunken er mange høgt kvalifiserte søkarar frå heile landet.

Førde sin store arbeidsmarknad blir òg attspegla i talet på pendlarar, og det er heile 3.490 personar som arbeidspendlar inn til den største byen i fylket. For å vise kor mykje dette er, kan det nemnast at det faktisk berre er tre kommunar i fylket (Flora, Sogndal og Stryn) som har fleire arbeidsplassar totalt sett, enn talet på dei som pendlar til arbeid i Førde. Det store talet pendlarar illustrerer òg at det går godt an å arbeide i Førde, og bu i ein annan kommune. Sjølv om dei fleste som arbeidspendlar til Førde naturleg nok bur i nabokommunane, pendlar det folk frå alle kommunane i fylket til Førde. I heile 18 av desse bustadkommunane, er talet på pendlarar til Førde faktisk tosifra.

Talet på pendlarar til Førde har i snitt auka med over 50 i året dei siste 17 åra, og det har aldri vore fleire enn i dag. Mykje tyder på at dette talet vil auke i åra framover, og det er fleire grunnar til det. For det første er det grunn til å rekne med at arbeidsmarknaden i Førde vil blir endå større i framtida, og såleis kunne tilby endå fleire attraktive arbeidsplassar. For det andre vil utbetringar av kommunikasjonar i regionen gjere pendling lettare. I dag kan om lag 30.000 personar pendle til Førde på 45 minutt, men om nokre år vil truleg nesten halvparten av dei som bur i fylket kunne pendle hit på om lag same tid.

I nær framtid vil altså ein arbeidsplass som blir etablert i Førde, òg vere ein arbeidsplass om lag halvparten av dei som bur i fylket vil ha ein grei pendlaravstand til. Styrking av arbeidsmarknaden i Førde vil såleis kome svært mange til gode, og det er vanskeleg å sjå at det skal kunne vere knyt noko negativt til dette. Rett nok har det (tidlegare) eksistert ei seigliva myte om at «oppsamling» av arbeidsplassar i Førde, har ført til ein flyttestraum av folk i Sogn og Fjordane til Sunnfjord-byen, med påfølgjande «utarming» av distrikta. Desse påstandane er ikkje rette, noko mellom anna Fylkesspegelen nyleg påviste i eit eige oversyn over intern flytting i Sogn og Fjordane. I perioden 2010–2016 var nettoinnflyttinga til Førde frå resten av Sogn og Fjordane såleis på berre 55 personar. Faktisk var det heile 6 kommunar som hadde ei større nettoinnflytting frå fylket, mellom dei Flora (+117), Gaular (+117) og Eid (+97).

Generelt er Førde som regionby svært avhengig av at det går godt i heile fylket vårt, og ingen har større grunn til å heie på nordfjordingar, sogningar og sunnfjordingar enn dei som bur i Førde. Men alle dei som bur i fylket er òg tente med at Førde har ei god og positiv utvikling. Ikkje minst gjeld det arbeidsmarknaden til Førde, som altså gjer det mogleg å bu i mange av dei flotte kommunane våre, og ha arbeidet sitt i Sunnfjord-byen. Heldigvis er det mange som ser denne gjensidige nytta Førde og dei andre kommunane har av kvarandre, og denne oppfatninga meiner eg har styrka seg. Det er bra. Det tener vi alle på.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags