Førde sentrum – er bilen eit trugsmål?

FORAKT: Nokre gonger får ein inntrykk av at bilen er ein fiende. Førde er stundom blitt kalla «bilbyen» med ein viss undertone av forakt.

FORAKT: Nokre gonger får ein inntrykk av at bilen er ein fiende. Førde er stundom blitt kalla «bilbyen» med ein viss undertone av forakt. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI mange år kunne vi som bur her smykke oss med at Førde er den staden i Norge som har høgast detaljomsetning pr. innbyggjar. Slik er det ikkje lenger. Men Førde har framleis eit potensiale til å halde på og utvikle eit mangfald i servicetilbod.

Årsakene til at ein stad kan få ein slik posisjon som Førde hadde og til ein viss grad har, er samansette. Det mest grunnleggjande er lokalisering og kundeunderlag. Dernest kjem rammevilkår for dei som skal drive handel og andre servicebedrifter. På det siste punktet er det mogleg for planleggjarar og politikarar å leggje til rette gjennom arealdisponering, trafikk/parkering, ulike former for løyve, opningstider etc. Så vil kreativitet og anna dugleik av dei næringsdrivande spisse dette fram mot målet om å skape servicetenester for brukarane og inntekter for dei næringsdrivande.

I tillegg til dette rommar sentrum ei rekkje offentlege verksemder og institusjonar. Førde kommune (no Førde sentrum) har berre om lag 13.000 innbyggjarar. 50.000 kan nå Førde med ei reisetid på ein time. Til samanlikning har Bergen 281.000 innbyggjarar. Dei fleste av desse når Bergen sentrum på 30 minuttar. For Førde sitt vedkommande vil 30 minuttartalet bli knapt 20.000. Skilnaden er formidabel.

Etter at politikarane i Førde forstod at ei ytterlegare utbygging på Brulandsvellene ville kunne utarme Førde sentrum som handlestad satsa ein sterkare på byutvikling. Ikkje berre av den grunn, men det var ein viktig premiss. Parallelt med dette kom Førdepakken som skulle binde dei ulike bydelane godt saman ikkje minst med omsyn til dei gåande/syklande.

Nokre gonger får ein inntrykk av at bilen er ein fiende. Førde er stundom blitt kalla «bilbyen» med ein viss undertone av forakt. Men Førde er ikkje kalla for bilbyen fordi byen er skapt på bilens premissar, eller at folk køyrer meir her enn andre stader. Den er kalla bilbyen fordi så mange bilforretningar etablerte seg her. Og årsak til det: Den sentrale lokaliseringa i fylket (Sogn og Fjordane) og med det framveksten av fagmiljø/kompetanse.

Bilen er så vorte den viktigaste reiskapen til at så mange kan nå Førde sentrum med sitt rikhaldige tilbod. Dette gjeld enten ein kjem frå Vie/Vieåsen som meg, men det gjeld i ennå større grad dei som kjem frå Hyllestad eller Utvik. Desse må komme seg lettvint inn i sentrum og kortast og raskast mogleg ut av sentrum utan å måtte køyre fram og tilbake gjennom sentrum. Så må dei finne ein rasjonell måte å sette frå seg bilen på, med kortast mogleg veg å gå til/frå dei ulike lokale destinasjonane. Då skal politikarane vere ekstra omhyggelege etter kvart som dei lanserer løysingar for parkeringsanlegg.

Så vil mange hevde at eit betre kollektivtilbod vil avlaste i høve til bilbruk. Dette kan sikkert fungere i nokre tilfelle. I alle fall for meg som bur i Vie/Vieåsen i Førde, men neppe for dei i Hyllestad og Utvik. Her kjem marknadsøkonomien inn. Bussruta skal i utgangspunktet løne seg, og storstilt satsing innanfor dei kommunale/fylkeskommunale budsjetta til subsidiering av ruter synest ikkje nært føreståande.

Fordi vi i «Sogn og Fjordane» er så få må vi sentralisere nokre av servicefunksjonane. Verksemdene, ikkje minst dei mest spesialiserte, er avhengige av eit visst minimum av kundegrunnlag for å kunne kjøpe inn og selje produkta sine. Dei er på sett og vis marginale. Til ein viss grad kan ein overføre kunnskapen ein har om nærbutikkane i distrikta. Butikken må gjere seg attraktive, og ein må halde kontroll med kostnadane. Men politikarane og tenestemennene i det offentlege må spele på lag med tenestetilbydarane slik at det det er mogleg å skape eit attraktivt sentrum/lokalsamfunn.

Det er ikkje tvil om at redusert bilbruk i eit bysentrum vil vere bra. Men det er mange omsyn å ta. For mange er bilen ein reiskap. Dette er særleg aktuelt for oss som bur utanfor dei store byane. I eit godt sentrum (ein god by) skal ein ta omsyn til sosial og økonomisk berekraft i tillegg til den miljømessige. Dette er særleg viktig for Førde som har teke mål av seg til å bli eit kraftsentrum mellom Bergen og Ålesund.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags