Førde blir nok omtalt i Regional plan for næringsutvikling og innovasjon, når han ligg føre!

Førde og Sunnfjord kjem nok til å bli nemnde i Regional plan for næringsutvikling og innovasjon, seier fagdirektør i Vestland fylkeskommune, Jan Heggheim.

Førde og Sunnfjord kjem nok til å bli nemnde i Regional plan for næringsutvikling og innovasjon, seier fagdirektør i Vestland fylkeskommune, Jan Heggheim. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Firda ved journalist Bent Are Iversen har lese høyringsutkastet til planprogrammet for ny regional plan for næringsutvikling og innovasjon, og problematiserer at Førde ikkje er nemnt, medan Bergen er nemnt 27 gonger.

Vestlandet og Norge står framfor ei omstilling som dei færraste ser omfanget av, men mange ser det tydelegare etter oljeprisfall og korona-pandemi. Vi kallar dette «den store omstillinga».

Førebels ligg det føre berre ein plan frå Vestland fylkeskommune, og det er Regional planstrategi, som kan lesast på fylkeskommunen sine nettsider. Det er «mora» til alle regionale planer, og det kjem eit større tal planer etter kvart, på dei fleste saksområde. Desse er skildra i den nemnde regionale planstrategien. Kommunale og regionale planer er regulert i plan og bygningslova. Det journalisten har lese, er eit høyringsutkast til «planen for planen», der vi drøftar kva område som bør omtalast særleg i det nye plandokumentet. Vi har stor respekt for at for dei som ikkje er inne i dette saksfeltet dagleg, så høyrest dette tungvint og byråkratisk ut. Planarbeidet blir påbegynt i haust, og skal vedtakast av fylkestinget i juni 2021.

Planprogrammet tek altså føre seg plantema, og gir ein hovudretning for planen som kjem. Alle interesserte kan berre gå ut frå at ulike bransjar, teknologiar, prosessar og stader blir langt meir omsorgsfullt handsama regional plan enn i planprogrammet.

Regional plan for næringsutvikling og innovasjon skal vere det styrande dokumentet for ei rekkje institusjonar i fylket, langt ut over fylkeskommunen sine verkemiddel. Vi nemner Innovasjon Norge, NAV, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, kommunane ved KS, NHO, LO, Siva og Fylkesmannen. Det er viktig å presisere at planen er for heile fylket, men blir vedteken av politikarane i fylkeskommunen. Difor har dei nemnde partane også nokså stor medverknad i utarbeidinga av planane.

Spelereglane og rammevilkåra i Vestland fylke er annleis enn dei var i Sogn og Fjordane. Bergen er og blir storbyen i det nye fylket, både næringsliv og FoU-miljø der har sin eigen dynamikk. Bergen må få den plassen byen fortener i lys av storleik og næringsmiljø. At Bergen blir eit eige plantema, betyr ikkje berre merksemd for storbyen, men også for dei andre regionale sentra i fylket, inkludert Førde.

Næringsavdelinga brukar mykje energi på å vurdere kva verktøy som skal til for å få til god næringsutvikling i storbyen, og utanfor storbyen, der vilkåra er annleis. Våre politiske føresette har gitt oss klare meldingar om at heile fylket skal takast i bruk. Førde og Sunnfjord har dei fleste føresetnadene for å vere ei drivande kraft: Eit mangfaldig næringsliv, høgskule, helseføretak, vidaregåande skular. Eit gryande innovasjonsmiljø på Campus Førde Verftet vert følgt med av mange, og har ein stor heiagjeng.

Førde og Sunnfjord kjem nok til å bli nemnde i Regional plan for næringsutvikling og innovasjon. Firda må berre vente til planen ligg føre.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags