Forbod mot utlendingar?

JUBLE: Dei av oss som ikkje ser på vindkraft som den sjuande landeplaga, bør juble over at utlendingar investerer i norske vindkraftanlegg, skriv Erik Espeset.

JUBLE: Dei av oss som ikkje ser på vindkraft som den sjuande landeplaga, bør juble over at utlendingar investerer i norske vindkraftanlegg, skriv Erik Espeset. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Leiinga i «Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn» krev at SFE gjev garantiar for at dei aldri skal selje eigarskap i Lutelandet vindkraftanlegg til utlendingar. Motvind trur visst at dei kan lage eigne reglar og standardar som SFE skal følge.

Norsk lovverk har stor opning for utanlandsk eigarskap. Vi har også historisk hatt god erfaring med utanlandsk eigarskap i utviklinga av norske bedrifter og lokalsamfunn. Motvind bør forstå at kapital og investeringar er naudsynte for å utvikle det norske samfunnet. Vi bør derfor juble over at utanlandske investorar vil investere i Noreg og ikkje minst i grisgrendte strøk på Vestlandet. Det skapar aktivitet og auka livsgrunnlag i desse fråflyttingstruga områda.

Norske investorar likar betre å investere i eigedom i Oslo og andre sentrale strøk. Dette gjev lite aktivitet på Nordvestlandet. Oljefondet er forhindra frå å investere innanlands, og spring helst etter overprisa eigedom i London og New York.

Dei av oss som ikkje ser på vindkraft som den sjuande landeplaga, bør juble over at utlendingar investerer i norske vindkraftanlegg. Dette skapar kraftoverskot i Kongeriket, slik at vi enklare og rimelegare kan nå dei nasjonale målsetningane våre på fornybar energi.

Vi var saman med SFE om å selje 80 prosent av vindkraftanlegget på Hennøy til utanlandske Falck Renewables. Det gav god avkastning til eigarane våre, og Falck har utvikla anlegget på ein fin måte.

Jobben til leiinga og styret i SFE er å maksimere aksjonærverdiane i selskapet. Desse aksjonærane er kommunar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dersom dette medfører å selje delar av anlegg til høgstbydande og dermed utanlandske eigarar, så bør dei gjere dette. Leinga i SFE kan sjølvsagt aldri gje ein garanti mot sal av anlegg til utlendingar. Dette ville vere grov tenestefeil og oppseiingsgrunn.

Kravet frå Motvind er like sært som at organisasjonen «Sunnfjord for Sunnfjordingar» skulle krevje at hyttetomtene som Ingunn Kjelstad utviklar, berre skal seljast til folk som bur i Sunnfjord.

I motsetning til dei som sel hyttetomter, så står eit vindkraftanlegg på ei godt betalt festetomt der vindkraftselskapet er forplikta til å fjerne anlegget etter konsesjonsperioden er slutt etter 25 år. Dei som fryktar at vi sel ut landet vårt kan dermed sove godt om natta.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags