Fogderitenkinga har vore øydeleggande

SAMARBEID: No kjem Sp på bana og vil arbeide for oppløysing av Vestland fylke. Kva vil dei oppnå med ei slik negativ haldning? Korleis vert samarbeidsklima i nye Vestland når ein alt no flaggar eit slikt standpunkt? Er det på denne måten ein får gode samarbeidspartnarar?spør artikkelforfattaren. På bildet Sigurd Reksnes og  Jenny Følling (begge Sp) og Anne Gine Hestetun (Ap).

SAMARBEID: No kjem Sp på bana og vil arbeide for oppløysing av Vestland fylke. Kva vil dei oppnå med ei slik negativ haldning? Korleis vert samarbeidsklima i nye Vestland når ein alt no flaggar eit slikt standpunkt? Er det på denne måten ein får gode samarbeidspartnarar?spør artikkelforfattaren. På bildet Sigurd Reksnes og Jenny Følling (begge Sp) og Anne Gine Hestetun (Ap). Foto:

Av
DEL

LesarbrevHar vi hatt nok omkampar i fylket vårt? Stagnasjon har prega oss i fleire generasjonar. Både Sp, Ap og H har i periodar hatt fylkesordføraren, men fogderitenkinga har alltid vore rådande og øydeleggande. Skal vi halde fram slik?

No kjem Sp på bana og vil arbeide for oppløysing av Vestland fylke. Kva vil dei oppnå med ei slik negativ haldning? Korleis vert samarbeidsklima i nye Vestland når ein alt no flaggar eit slikt standpunkt? Er det på denne måten ein får gode samarbeidspartnarar?

For å skape arbeidsplassar treng ein i våre dagar mykje kapital og helst via etablerte firma. I Bergen og Hordaland er det mange av desse. Ved å vise samarbeidsvilje og drive ein konstruktiv politikk, er det kanskje mogleg å få nyetableringar i vårt fylke. Vi har kanskje ein sjanse til å etablere utdanningsinstitusjonar i vårt område som vil dekke heile Vestland. Er dette mogleg å få det til når ein alt no går ut og seier at ein vil gå inn for oppløysing av Vestland alt etter neste val? Utdanning er ein kjernefaktor for etablering av arbeidsplassar og auke i folketalet. Mange vel sin bustadplass der ein har fått sin utdanning.

Er det naudsynt med auke i folketalet? Det er nok usemje om det. Men dersom ein vil halde på våre gode tenester og utvikle dei vidare og eventuelt får nye, må folketalet auke. Det er mange døme på det. Eg kjenner godt til helsesektoren. På grunn av for få innbyggjarar i fylket vårt, har vi alt mista mange helsetilbod som er sentralisert til Haukeland universitetssjukehus. Dette gjeld nesten all kreftkirurgi. No har det vore på tale at til og med kvinner med brystkreft må til Bergen for å få behandling.

Årsaka er at vi har for få innbyggjarar. For at kirurgar og anna helsepersonell skal få nok trening og halde oppe kvaliteten på tenestene må ein ha eit minstetal pasientar kvart år til behandling. Dette er berre eitt av tilfella. Same problemstillinga gjer seg gjeldande innan fleire område av spesialisthelsetenesta. Kirurgi av blodkar er alt flytta ut av fylket av same årsak. Vi kjenner alle til at mange med akutt hjarteinfarkt må flygast til Haukeland universitetssjukehus. Grunnen er at vi er for få innbyggjarar i Sogn og Fjordane til å etablere eit slikt tilbod.

Eit godt døme på kva folketal har å seie for finansiering av tenestetilbod i Helse Førde, er tap av Hornindal kommune (knapt 1200 innbyggjarar) som frå 2020 går over til Møre og Romsdal. Dette fører til reduserte overføringar til Helse Førde på 15–20 mill. kr kvart år (jamfør FIRDA 28. september 2019). I tal stillingar utgjer det nærmare 30 til 40.

Krav til kompetanse, kvalitet og gode arbeidsmiljø gjer seg gjeldande også innan dei fleste fagområda, ikkje minst skule og utdanning. Utan eit vist tal elevar, er det ikkje mogleg å bevare eller etablere nye undervisingstilbod. Dette gjer seg gjeldande både innan ein kommune, ein fylkeskommune eller region. Ein kan ikkje drive industri utan råstoff. Ein kan heller ikkje drive skule og undervising utan elevar om ein vil halde oppe kompetansen og drive økonomisk forsvarleg.

Kompetanse og fagmiljø av ein viss storleik har også vorte ein kjernefaktor for å ta vare på og utvikle gode tenester innan kommunane, som til dømes planarbeid og tekniske fagområde.

Nei, no er tida inne for å vere positiv og vise samarbeidsvilje, då kan vi få til noko til og med i dette fylket! Vi treng både velvilje og økonomisk samarbeid med våre vener i sør om vi skal lukkast.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags