Folkemengd i EU fram til 2060

Berlin.

Berlin.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevMengda av flyktningar og asylsøkjarar i EU vert livleg debattert. Eitt perspektiv er lite framme, samla folkemengd i EU dei næraste tiåra. Fire faktorar er då sentrale; fødselstal og dødstal, tal personar som reiser inn og talet som reiser ut. Om vi berre reknar med tal på dei som vert fødde og dei som døyr, må fødselstala i vår del av verda vere knapt 2,1 barn for kvar kvinne i snitt for å halde folketalet stabilt. I statistikken frå 2014 ligg norske kvinner på 1,76. For EU er gjennomsnittet 1,5, for Tyskland 1,4 og for Italia 1,3. Med dagens fødselstal vil folkemengda i Italia vere halvert på 45 år. Stabil folkemengd i EU krev at alle land må ha fleire som flytter inn enn dei som flytter ut, betydeleg fleire..

Arbeidsstyrken. Eldrebølgja vil seie at folket i rike land eldest. Kor stor må arbeidsstyrken vere for at vi kan få den utviklinga vi ønskjer? Det er 45 år til 2060. Prognosar må byggje på føresetnader, og her vil nok resultatet kome til å avvike frå prognosane. Ikkje uventa opererer prognosane i hovudsak med vekst i folketal i rike land og nedgang i fattige land. Døme på vekstland: Irland 46 prosent, Storbritannia 27, Sverige 23. Nedgang i: Bulgaria 27 prosent, Romania 19, Litauen 19, Tyskland 19. Etter denne prognosen frå EU sitt statistikkinstitutt vil Storbritannia vert folkerikaste landet i EU i 2060. Også Frankrike vil gå forbi Tyskland. Det rike Tyskland, no med 80 millionar, skil seg ut og vil minske folketalet med 15 millionar.

Konklusjon.  I tillegg til den kortsiktige utviklinga som pregar debatten om flyktningar og asylsøkjarar no, må også langsiktige problemstillingar diskuterast alt no. Tala over seier noko om kvifor Angela Merkel tek meir positive posisjonar i dagens diskusjon. Eg vil tru ho ser føre seg at Tyskland skal vere den dominerande økonomien i Europa også i 2060, og då krevst arbeidskraft.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags