Ferjerutene i Middelhavet

Av
DEL

Lesarbrev«Menneske som legg ut i Middelhavet frå Libya kan rette kursen mot skip dei vil møte. Posisjonen til hjelpebåten som lovar å ta passasjerar til hamn på Malta eller Lampedusa i Italia kan dei lese av på smarttelefonen.»

Slik kan ein lese i nr. 34 i NorgeIDAG. Norske media omtalar Ocean Viking sin sjøoperasjon som ein «redningsaksjon». Legar utan grenser står bak denne «redningsaksjonen», og dei er då temmeleg seriøse? Så «seriøse» at dei fleste avisleserane let seg bløffe?

Fakta er at alle skip har eit IPO-nummer og skal oppgi posisjonen sin via GPS. På nettstaden «maritimetraffic.com» kan alle følge med på posisjonen til alle typar fartøy over heile verda, fortel ein pensjonert skipper frå Sotra. (Framleis if. den same avis).

Når posisjonen til Ocean Viking er kjend, er det ei smal sak for menneskesmuglarane i Nord-Afrika å følge kursen og vite kvar skipet til kvar tid er å finne. Sidan fartøyet har gjort kjent at dei vil ta opp passasjerar – og gå til hamner i Europa – så er dette like effektivt som å sette opp ei ferjerute.

Vår statsminister har godteke – utan å spørje det norske folk om lov – FN sin Migrasjonsavtale. Denne avtalen, Global Compact for Safe, Orderly and Regular Migration (GCM), har FN bedt medlemslanda om å implementere i sitt avtaleverk. Og Erna Solberg var snar til å seie ja.

Eit av dei 23 «måla» i avtalen inneber å «snakke opp» dei som arbeider i samsvar med Migrasjonsplattforma, samstundes som mediehusa vert oppmoda om å hindre «nedsnakking», ev. ikkje sleppe til orde dei som vil motarbeide ev. argumentere mot i avisspaltene. Dette er, etter mi meining meiningssensur, og knebling av ytringsfridommen.

Ein lokal avisredaktør uttrykte det slik: «Vi har ytringsfridom, men ikkje prentingstvang». Etter at fleire lokalaviser har refusert mine innlegg, utan personsjikane og under fullt namn, er det no berre Firda sin redaktør som let meg få spalteplass. Ære vere han for det!
Og ferjerutene i Middelhavet går sin gang, medan vi ser reportasjar av smilande og livsfriske skipbrotne unge menn som vert «redda» av Ocean Viking og Legar utan grenser.
Dei reelle naudlidande sit att på strendene i Nord-Afrika.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags