Sorry, Florø. Bergen har vel aldri hatt eit godt auge til dokke

KJIPPEN:  Det er vel på sin plass å minne om at i gamle Sogn og Fjordane var Florø einerådande på alt som har med oljeindustrien å gjere, men at ein frå 01.01.2020 faktisk har Mongstad og Flesland med seg i same fylke. Ser oljeindustrien innsparingspotensialet her, så får de nok fort meir stoff til Kjippen på nyttårsaftan framover. skriv Freddy Sårheim Brakestad i sin kommentar til Linda Regine Bruvik.

KJIPPEN: Det er vel på sin plass å minne om at i gamle Sogn og Fjordane var Florø einerådande på alt som har med oljeindustrien å gjere, men at ein frå 01.01.2020 faktisk har Mongstad og Flesland med seg i same fylke. Ser oljeindustrien innsparingspotensialet her, så får de nok fort meir stoff til Kjippen på nyttårsaftan framover. skriv Freddy Sårheim Brakestad i sin kommentar til Linda Regine Bruvik. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI Firda av 3. januar 2020 kan vi lese at Linda Regina Bruvik tek eit brutalt oppgjer med «sutring og nostalgi». I og for seg eit friskt pust i debatten om samanslåing av Sogn og Fjordane med Hordaland, men at det skulle komme frå nettopp Florø er det vel ikkje mange elles i fylket som er overraska over.

Sjølv har eg hatt dette eine vesle ordet i fødselsattesten min i snart 42 år. «Florø». Ein tidleg junidag i 1978 såg eg dagens lys på sjukehuset i Florø, og dette har alltid gjeve meg ei kjensle av å på ein måte kunne «høyre til» der ute – i motsetning til søstrene mine, som i mine auge måtte nøye seg med mindre glamorøse «Høyanger» i sine attestar.

Det var faktisk såpass at eg fekk jobb ved Florø lufthamn på tidleg 2000-tal, og flytta frå «der inne i provinsen» og ut til Havreneset i sjølvaste Byen med stor B her i Sogn og Fjordane. Der hadde eg gleda av å bli kollega med mange fastbuande, som gav meg inntrykket av at no hadde eg hamna ein stad som var milevis over resten av fylket på alle plan, og det er jo litt forfriskande å sjå at denne mentaliteten framleis lever hjå Bruvik 20 år etter.

Og det skal jo seiast, Amfi-senteret var jo for så vidt meir enn ein matbutikk og ein parkeringsautomat, men berre så vidt. Og eksotisk var det, for om det kom eit lite snøfall, så stod det fastbuande på kryss og tvers, mest på tvers. Då gjerne i eit kryss, med midtrabatten midt under bilen. For ein skogsmatros som underteikna, var dette så absolutt nytt og eineståande.

Og det skal jo seiast; denne framstillinga av Florø som «über alles» fekk seg jo nokre kilevinkar til tider. Då spesielt av ein eldre kollega som indignert dytta lesebrillene opp i panna og uttalte eit inderleg «booooogesooooofa», medan han las annonsane frå alle møbelforretningane «der inne i provinsen Førde». Men det sat langt inne, og medførte mykje hovudristing og hjartesorg kvar gang han måtte vedgå for seg sjølv at om han skulle ha anna enn mjølk og brød, så måtte han ta den sure turen innover i fjorden til handelsmetropolen Førde. Og det på ein veg som meir eller mindre symboliserte den nedprioriteringa Florø hadde i fylket. Mykje har endra seg der, i det minste. No kjem de dykk til Førde på under timen, og det heilt utan nær døden-opplevingar òg.

Men Bruvik, historisk sett har vel Bergen aldri hatt eit særleg godt auge til Florø. Då det i statsråd i 1858 blei vedtatt at det skulle tilretteleggjast for ein by i ytre Sunnfjord, var det stortingsmennene frå Bergen som var dei største motstandarane. Det blei med ein ladestad i starten. Dei same misnøgde stortingsmennene frå Bergen var ironisk nok dei som til slutt bestemte at byen skulle heite Florø, og ikkje «Florøhavn» som først foreslått. Sjølv har eg ymta frampå til bergensarane i min omgangskrets at florøværingen kanskje ser på byen sin som «Lillebergen», og fnysinga derifrå kan nok minne mykje om den same som ein truleg opplevde i Florø i 1997.

Freddy Sårheim Brakestad

Freddy Sårheim Brakestad Foto:

Og rivaliseringa med nettopp Førde har jo levd lenge. Sjølv mistenker eg at gjennomsnittleg middelvind i Florø steig med 2 knop på årsstatistikken den dagen Førde fekk bystatus, på grunn av all fnysinga i nasene frå byfolket i Florø. Og det har sjølvsagt vore mange harde slag for bykommunen der ute, med mellom anna tap av sjukehus, salet av Fjord1, kystradioen, tollstaden og Redningsselskapet. Det har nok ikkje vore lett, og med tanke på at Bergen har reist med brorparten her, er det jo litt søtt at ein framleis ser på samanslåinga med «storebror» Hordaland og då spesielt Bergen som noko kjempepositivt. Det er klart at Bergen veit verdien av kysten – det gjorde dei under det eventyrlege sildefisket på 1800-talet òg, det. Og dei er nok like interesserte i å dele i 2020, som dei var i 1858.

Og det er vel dette som er litt av essensen i det ein les frå Linda Regina Bruvik òg. Dette at Florø har blitt behandla stemoderleg i ei årrekke – ja kanskje så lenge som i 162 år. Av mellom anna desse «frukthagefolka» der inne i Leikanger. For det er vel ikkje tvil om at Florø alltid har sett på seg sjølv som «Lillebergen», både fordi byen er lokalisert ved kysten, og fordi ein har lagt seg til ein r-lyd som på ein varm sommardag kanskje kan minne om lyden ein høyrer langs gjestebrygga i Bergen. Men eg ser jo no at dette faktisk kan ha vore florøværingar på bytur til Bergen. Og det er jo litt ironisk opp i alt dette at Florø og kysten har vore rimeleg godt representert blant «frukthagefolka» i Leikanger. Åshild Kjelsnes har vel veksla mellom fylkesvaraordførar og fylkesordførar kontinuerleg sidan 1999. Og Leif Iversen og Julius Fure hadde vel kystblodet bankande i årene, om eg ikkje tek heilt feil.

Og sett i lys av nedleggingar i Florø; eit samrøystes fylkesting av «frukthagefolk» samla seg i 2013 for å krevje at baseaktivitetane i Florø ikkje skulle byggast ned. Statoil ville som kjent flytte all verksemd vekk frå oljebasen i Florø, og «frukthagefolket» stod samrøystes og tverrpolitisk samla om denne motsegna. Og sånn elles fekk de jo viljen dykkar der ute, og gjekk for kommersialisering av Florø lufthamn. Det medførte prisoppgang på 25–40 prosent på billettprisane, og ein nedgang på 12 prosent i etterspørsel.

Det medførte også at tilpassinga til helikopteravgangar til sokkelen blei dårlegare, som igjen medførte auka tidsbruk og fleire overnattingar. Om Bruvik og resten av florøværingane frå no av innbiller seg at Florø skal komme mindre stemoderleg ut av forhandlingane, så er det vel på sin plass å minne om at i gamle Sogn og Fjordane var Florø einerådande på alt som har med oljeindustrien å gjere, men at ein frå 01.01.2020 faktisk har Mongstad og Flesland med seg i same fylke. Og med det nye redningshelikopteret, så kan det fort brenne eit blått lys for både offshoreflyginga over Florø og redningsbasen framover. Oljebransjen er jo ikkje akkurat sinte på pengane sine, og ser dei innsparingspotensialet her, så får de nok fort meir stoff til Kjippen på nyttårsaftan framover.

Så ja, Linda Regina Bruvik. Vi andre sørger litt. Vi sørger faktisk litt for Florø òg, som no har gått frå å vere den nest største byen i Sogn og Fjordane, til å bli den 8. største byen i Vestland. Førde, Straume, Arna, Osøyro, Leirvik, Askøy og Bergen er alle større enn Florø. Men ingen skal ta ifrå dykk at de framleis kan ta hurtigbåten inn til Bergen og vandre gatelangs og kjenne dykk som «lillebergensarar», då. Men at denne samanslåinga skal ha noko superpositive ringverknadar for kystbyen i fritt fall, det vil imponere meg mykje.

Så velkommen inn i Vestland. Eg håpar du ikkje blir skuffa. Og kall det sutring, kall det nostalgi. Men seriøst, det vil ikkje vere første gang ein florøværing har sett på navlen sin og tenkt at den hadde hatt godt av å vere ein del av nokon andre sin mage.

Ein får berre krysse fingrane, om ikkje anna. Det kan jo gå bra, det her. I mellomtida ser eg personleg på dei gamle fylkesgrensene med vemod i blikket, og tenker at jau då, alt var nok enklare før 01.01.2020. Både for meg og for borna mine.

Så, sorry, Florø.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags