Bygg ein sterk kystkommune!

Det er ikkje for seint for kystkommunane å snakke saman. Toget skal gå, men ein får ta den tida som trengst. Flora bør ta nye initiativ, skriv Hjellum.

Det er ikkje for seint for kystkommunane å snakke saman. Toget skal gå, men ein får ta den tida som trengst. Flora bør ta nye initiativ, skriv Hjellum. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Folket i Flora og Førde har takka nei til ein stor Sunnfjordkommune som ville ha omfatta dei begge. Bremanger vil vere åleine. For Hafs-kommunane er framtida framleis uavklart, men kanskje går det mot ein stor indre Sunnfjordkommune, med Hafs i periferien. Viss også folket i Flora hadde vore med på det, kunne vi hatt ein storkommune med eit sterkt kystinnslag. Med Flora åleine og Hafs som pendlingsomland til Førde, er innslaget av kyst svekka. Det Sogn og Fjordane manglar er nettopp ein sterk kystkommune. Flora åleine blir det same som det har vore, for lette til å nå opp mot eit velorganisert indre Sogn og indre Sunnfjord.

Prosessen er i gang, men det er ikkje for seint for kystkommunane å snakke saman. Toget skal gå, men ein får ta den tida som trengst. Flora bør ta nye initiativ! Dersom romsleg kommuneøkonomi er Bremanger si motførestelling, kan ein vel diskutere løysingar slik Voss tilbyr Vik, at dei ekstra kraftinntektene som ev følgjer med skal brukast på tunnel under Vikafjellet!

Flora har mykje å tilby til Hafs-kommunane, særleg når det gjeld næringsutvikling og særleg når det gjeld maritime og marine næringar. Flora har fleire verksemder som arbeider i og for havbruksnæringa som har eit stort potensial også i Hafs.

Medan Marine Harvest dominerer lengre nord har fleire lokalt eigde havbruksverksemder i Flora-regionen vakse og utvikla seg til store verksemder, mellom anna eit lokalt eigd lakseslakteri. Fôrfabrikken Ewos produserer like mykje fiskefôr i Florø som Hydro produserer aluminium i Årdal. Her er fleire eksportverksemder og service tilbod som kan vidareutviklast i samarbeid med verksemder i Hafs.

Oljeverksemda er ikkje slutt. – kanskje skal det reduserast litt på utvinningstakten, men olje og gass vil i mange år vere ei stor og viktig næring i Norge og sokkelen utanfor Sogn og Fjordane er framleis svært interessant. Næringslivet går føre ved at Saga Fjordbase engasjerer seg i drift på Lutelandet. Miljøet på Fjordbase har mykje å tilføre til næringslivet i Hafs. Kompetansen i kan nyttast på andre felt enn olje. Det gjeld også ingeniørutdanninga i Florø.

Truleg er vi berre begynt å utnytte moglegheitene i havet. Skal Sogn og Fjordane gjere seg gjeldande, treng vi eit sterkt næringsmiljø som interesserer seg for denne sektoren i samarbeid med ein tilstrekkeleg stor kystkommune som har resursar og interesse for å legg til rette. Kystvegen er ein føresetnad for å skape dynamikk i næringslivet og ein stor kystkommune kan få realisert kystvegen.

Kommunepolitikarar i Flora, Bremanger og Hafs må ta seg tid til den eller dei ekstra rundane som trengst for å legge ein langsiktig strategi Kanskje må næringslivet trykke på sterkare! Krev ein kommune som kan bli ei drivkraft!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken