Fleire sjukepleiarar tryggar Noreg

Noreg treng fleire sjukepleiarar, meiner sjukepleiarforbundet. På bildet sjukepleiarane  Maiken Solås (t.v.) og Alice Sandøy (Arkiv.)

Noreg treng fleire sjukepleiarar, meiner sjukepleiarforbundet. På bildet sjukepleiarane Maiken Solås (t.v.) og Alice Sandøy (Arkiv.) Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Året 2020 har vorte eit annus horribilis grunna koronaviruset. Eit fælt år, og vi veit enno ikkje når coronaen slepp taket alt at alt vert som før. Vi er alle prega av konsekvensar i kvardagen. Kvar og ein har på eit eller anna vis vorte råka av viruset, som miskunnlaust tek den plassen det vert gitt livsvilkår for. Tyngst er det for dei som vert råka av sjukdom, og hardt er det for dei som har mista inntekta si fordi arbeidsplassen deira har gått konkurs.

Midt oppi dette har det synt seg at fleire yrkesgrupper har samfunnskritiske funksjonar, som til dømes helsepersonell, bussjåførar, butikktilsette, reinhaldarar, transportarbeidarar, posttilsette m.fl.

Sjukepleiarar har fått prisverdig applaus for innsatsen dei har ytt i senter av pandemien ved å vera med den sjuke pasienten og gitt pleie. Dei har strekt seg lengre enn langt, som ei sjølvfølge, sidan dette er det faget dei er utdanna og trent til å utøva.

Det er derimot eit stort MEN. Den allereie veldokumenterte mangelen på sjukepleiarar (6000 pr. i dag), med stor arbeidsbelastning, fekk Covid-19 som ei ekstra bør på seg. Pandemien har ytterlegare synleggjort dei store utfordringane helsetenesta har, med manko på sjukepleiarar. Det å behalde og ikkje minst rekruttera sjukepleiarar, er og vil vera ei stor oppgåve i framtida. Då er det hos sjukepleiarane, som hjå andre med samfunnskritiske oppgåver òg viktig å få ei løn, som bidreg til nyrekruttering og å behalda kompetansen så tenestetilbodet kan fortsetta i framtida.

Dei forventningar som er skapt, og som no ikkje vert innfridd til dei tilsette frå arbeidsgjevarsida, bidreg no til misnøye der dei tilsette vert avfeia med vel kr 1400 årleg.

Frontfagsmodellen som er førande for lønnsoppgjeret, slår skeivt ut for offentleg sektor og for blant anna sjukepleiarane. Med ei ramme på 1,7 % er det all grunn til å ha forståing for at dei er skuffa og misnøgde. Resultatet av lønnsoppgjeret i KS er med andre ord ikkje eit godt bidrag til ein framtidsretta visjon om gode, sterke helsetenester i Norge til pasientens beste.

For å kunna rekruttera og behalda sjukepleiarar er det sjølvsagt at løn er eit av tiltaka som bidreg til at dei vert verande i yrket, og her burde det vore tatt eit val om å prioritera annleis. Noko KS som arbeidsgjevar ikkje gjorde.

Arbeidsgjevarsida kan med fordel ta ei revurdering på korleis dei skal verdsetta den kompetansen dei no har hjå sine tilsette sjukepleiarar, og ikkje minst vera framtidsretta for å kunna levera på dei oppgåvene dei har eit ansvar for til sine innbyggarar.

Om ikkje arbeidsgjevar har evna til å rekruttera til helsetenesta dei har eit ansvar for, kven skal då gjera det?

Fleire sjukepleiarar tryggar Noreg, og det må arbeidsgjevarar innsjå.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken