Svar til Malkenes og Bjørlo

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarAlfred Bjørlo kastar stein når han sit i glashus, o g Stein Malkenes refererer til oppdikta framlegg i Firda der dei kjem med sterke åtak på Senterpartiet og fleirtalet i fylkestinget si handtering av Fjord1 saka.

Til Firda seier Alfred Bjørlo at «no må ein ikkje gjere same feila ein gong til, når ein skal bestemme kva som skal skje med milliardverdiane i SFE». Dette er litt av ei setning når vi veit at Bjørlo og Venstre har vore dei fremste forkjemparane for regionreforma, og pressa gjennom samanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane i Stortinget. Kanskje skulle Alfred Bjørlo reflektert over kraftverdiane til Sogn og Fjordane litt før? At Sogn og Fjordane er eit fylke som er rikt på naturresursar og greier seg fint på eigen kjøl er eit argument som har felle på steingrunn, blitt avfeia og latterleggjort av Bjørlo og Venstre. Kanskje det er på tide at Bjørlo ser seg sjølv i spegelen før han startar å kaste stein på andre i ei sak som hans eige parti har det største ansvaret for.

Det er ikkje Senterpartiet som har kjempa gjennom regionreforma, det er Venstre sitt store prosjekt. Senterpartiet har vore ansvarlege heile vegen, og med fylkesordføraren i spissen forhandla fram intensjonsavtalen som vil vere svært viktig for SFE og eigarskapen til kraftverdiane framover. Vi skal i det vidare gjere alt vi kan for å sikre at desse verdiane blir folk i fylket til del i framtida også.

Så er det direkte feil det som Malkenes skriv om eit framlegg som han omtalar som «mindretalet sitt framlegg om sal av Fjord1 til Havila». Fakta er at framlegget som Malkenes refererer til i innlegget sitt, aldri var fremja, og heller aldri har vore røysta over i fylkestinget. Der røysta mindretalet, inkludert Malkenes og Bjørlo for følgjande framlegg i 2015 «Det blir starta ein ny og samordna prosess for nedsal av fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 AS med sikte på endeleg stilling til sal innan utgangen av 2016.» Det vart aldri fremma noko konkret framlegg om å selje til Havila slik Malkenes feilaktig skriv.

Før Malkenes skuldar andre for å fare med «fake news», og ha vrangførestillingar, så vil eg oppmode han om å rydde i eige hus. Det som Malkenes refererer til her er fri fantasi, og finst ikkje i noko møtebok som han oppmodar andre så fint til å lese.

Det som er sanninga er at når salet til Torghatten ikkje lét seg gjennomføre, tok fylkesordføraren, dåverande styreleiar Pål Lorentzen, og eit samrøystes fylkesutval initiativ til å forhandle fram ei avtale med Sævik og Havila med dei same økonomiske føresetnadane og forpliktingane til å ha hovudkontoret i Florø som avtalen med Torghatten ASA. Det lukkast vi med.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags