Gå til sidens hovedinnhold

Stormfull salsprosess

Artikkelen er over 5 år gammel

Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Denne veka har fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane vore samla på Leikanger til fylkesting. 31 av våre fremste kvinner og menn. Politikarar som mange av oss var med å stemme inn ved valet i haust. Dette er våre representantar. Det er dei vi har valt til å bestemme korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune skal bruke pengane vi har til rådvelde. Skal dei brukast på skule, samferdsel, helse eller næringslivsutvikling, og kor store summar skal vi bruke på dei ulike områda? Det er prioriteringar. Harde prioriteringar. Skal ein prioritere tunnel på Stad eller tunnel i Stryn? Det er umogleg å gjere alle til lags. Vi som sit på utsida kan vere ueinige i det dei gjer, men vi har valt dei inn for å ta vala til beste for oss som bur i fylket.

Bakgrunn: Misvisande om fylkesordføraren frå Firda og Hadde visjon. Snakka med Følling.

Fylkestinget er politikarane sin arena. Som media i Sogn og Fjordane er Firda til stades for å skrive om debattane og prioriteringane som fylkestinget gjer. Fordi det vedkjem oss som bur her. Vi skal informere attende til lesarane våre kva politikarane bestemmer, og kvifor dei gjer som dei gjer og konsekvensar det får for oss innbyggarar om vi bur her eller der.

Fjord1-saka er ei sak som opptek veldig mange av innbyggarane i fylket. Selskapet har røter attende til 1858, og er i dag landets største ferjeselskap med over 1200 tilsette. Det at hovudkontoret ligg i Florø har sjølvsagt også betydning. Sogn og Fjordane fylkeskommune sin eigardel i Fjord1 har vore oppe til diskusjon mange gonger. På fylkestinget tidlegare i haust tok ein avgjerd om å selje seg heilt ut av Fjord1.

Salsprosessen med Fjord1 har blitt ein føljetong i media etter dette vedtaket. Og grunnen er enkel: Salet av Fjord1 er blitt handtert på ein klønete måte. Det bør difor ikkje overraske fylkesordførar Jenny Følling, som er den som uttaler seg på vegner av fylkeskommunen, at media stiller spørsmål om prosessen. For her er mange spørsmål, og innbyggarane som faktisk eig Fjord1, har krav på svar.

Firda stilte før salsvedtaket kom spørsmål om fylkesutvalet og fylkestinget kunne få til ei forsvarleg handsaming. Eit stort saksomfang, komplisert forretningsjus og korte tidsfristar var det fylkespolitikarane hadde å ta omsyn til. Kvifor eit tempo i avgjerdsfasen der det går hals over hovud; eit hastverk som skil seg heilt ut frå måten fylkeskommunen normalt går fram på i vanskelege saker?

For Firda er dette enkelt. Vi skal fortelje lesarane våre kva som skjer, og kvifor det skjer. Det er vår agenda.

Yngve Årdal, Ansvarleg redaktør i Firda

Innleigde konsulentar som ikkje vil gje opp namn og kva arbeidsgjevar dei har. Kvifor så hemmelege? Er her koplingar som ein ikkje ønsker skal komme fram i media?

Ved å selje til Torghatten sette ein forkjøpsretten til den neste største eigaren, Havilafjords, til sides. Per Sævik varslar søksmål og rettssak. Har Fjord1 ei god sak i retten? Ja, meiner nokre. Nei, meiner andre. Det kan bli rettssak som går over fleire år.

Styret i Fjord1 går av. Samstundes varslar administrerande direktør Dagfinn Neteland at også han går av. I protest mot eigarane. Kva skjer i selskapet?

Slik kan vi halde fram. Med sal til Torghatten, eit konkurrerande ferjeselskap, så følgjer Konkurransetilsynet med på kva som skjer, og skal uttale seg om salet.

Det er mange spørsmål som dukkar opp. For Firda er dette enkelt. Vi skal fortelje lesarane våre kva som skjer, og kvifor det skjer. Det er vår agenda.

Vi har stilt spørsmål. Har vi fått svar? Nei. I alle fall ikkje gode nok svar. Vi blir møtt med teiing, vage formuleringar og hemmeleghald. Mogleg det er gode grunnar til hemmeleghaldet, men uansett så er det då naturleg for journalistar å spørje vidare. Det har Firda gjort. Det har NRK, Bergens Tidende, Dagens Næringsliv og andre journalistar gjort. I denne saka har vi fått mange tips, og det er ikkje ofte Firda brukar anonyme kjelder i sine artiklar, men vi har gjort det her. Så må det presiserast at vi ikkje berre har ei kjelde, men fleire anonyme kjelder om same hendingar.  

Når det er så mange uavklarte spørsmål, må fylkespolitikarane med fylkesordføraren i spissen tole å bli konfrontert. Det er dei vi har valgt inn for å ta viktige avgjerder for oss. Då må ein tole at media stiller spørsmål, også kritiske spørsmål. Det er faktisk vår jobb. Så må fylkesordføraren svare. Det er hennar jobb. Og vil ho ikkje, må ho faktisk finne seg i at vi spør vidare. Det er ikkje nokon svertekampanje. Det er å prøve å finne dei svara fylkesordføraren, fylkesrådmannen og det fleirtalet som selde Fjord1 med knappast mogleg fleirtal nektar å gi.

Kommentarer til denne saken