Fjord1 og eventyr frå Sigurd Reksnes

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarSigurd Reksnes (Sp) går i rette med innlegget til konsernsjefen i Sparebanken Vest og hevdar at innlegget er full av feil og grunnlause påstandar og har overskrifta eventyrforteljing frå Sparebanken Vest.

Kvifor er det då berre ein formell feil Reksnes tilbakeviser? At F1 Holding AS vart skipa for eit legitimt føremål i 2011, endrar ikkje dei kritikkverdige med å omgå ein lovbeskytta forkjøpsrett! At fylkeskommunen var villig til å balansere på kanten av det som er lovleg for å snyte Sævik og Havilafjord, tyder på at salstransaksjonen vart laga så komplisert, at det gjekk over hovudet på fylkesrådmann og fylkesting. Eg har vondt for å tru at alle desse er så moralsk forkvakla! Det var ein harm Per Sævik som sa tydeleg ifrå at han var ville føre saka om nødvendig like til Høgsterett og at han i si lange tid i forretningslivet aldri hadde opplevd noko som likna på dette.

Fjord1 er børsnotert, har ein industriell aktør, Per Sævik m/familie, som vil utvikle selskapet vidare, har hovudkontor i Florø. Lukka vart betre enn åtferda til fylkesrådmann, fylkesordførar og fylkestinget med Senterpartiet i spissen. Per Sævik gjekk ut offentleg i Sunnmørsposten hausten 2015 og sa tydeleg ifrå om at det var ikkje aktuelt så langt han kunne sjå, å flytte hovudkontoret. Det som fungerer godt, treng ein ikkje forandre på! Likevel verserte «eventyret» at ein måtte velje Torghatten for å halde på hovudkontoret i Florø.

Det er fire store ferjeselskap som konkurrerer om ferjedrift i heile landet. Fjord1 har vunne ferjekontraktar i Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Men dei lukrative ferjesambanda Haljem–Sandvikvåg og Flakk-Rørvik tapte Fjord1 til Torghatten og dotterselskapet Fosen-Namsos Sjø. Tildeling av nye ferjesamband er i ferd med å ebbe ut i Sør-Norge, men sambanda i Nord-Norge kjem ut på anbod. Dagfinn Netteland vil utfordre Torghatten og Boreal på deira heimebane.

Jenny Følling fortalde «eventyr» for Fylkestinget om den store sigar med at ein hadde sikra hovudkontor i fylke med sal til Torghatten. I beste fall hadde ein sikra eit filialkontor for Torghatten på Vestlandet med å selje landets største ferjeselskap.

Sævik sat med forkjøpsrett og var ikkje interessert å drive opp prisen i ein bodrunde. Han sa tydeleg ifrå om at har ville trå inn i staden for det høgste bodet. Sævik fekk høyre av ein underordna tilsett på fylkeskommunen at advokatane til Wiersholm hadde ei løysing på å omgå forkjøpsretten. Per Sævik sende skriftleg førespurnad til fylkesordførar, men fekk ikkje svar! For å få kjøpe Fjord1, leverte Sævik eit tilbod i november 2015 som var betre enn tilbodet frå Torghatten. Bodet vart avvist med at det var etter tidsfrist Wiersholm hadde sett. Offentlege anbod er strengt lovregulert. Men eg trur ikkje det gjeld for sal av selskap. Det er normalt å utsette fristar i ein bodrunde, for å få best mogleg pris. Var det nok eit «eventyr» frå Jenny Følling?

Advokaten er alltid talsmann for den som betaler han. Stelte fylkeskommunen seg slik at «dei vise menn frå Wiersholm» sat på begge sider av bordet ved sal til Torghatten?

Etter at Per Sævik hadde levert bodet i november, kom han på at Fylkeskommunen ville koma betre ut med at Havilafjord fekk kjøpe seg opp til 51 % av aksjekapitalen og at Fjord1 vart børsnotert. Fylkeskommunen kunne få betre pris med å selje seg ut i etterkant. Dette var før salet til Torghatten.

Etter salet av alle aksjane til Per Sævik og Havilafjord, vart Fjord1 børsnotert. Sævik kunne selje seg ned til 51% av aksjekapitalen og finansiere heile kjøpet med aksjesalet. Betre forretning har det kanskje ikkje skjedd sidan Røkke og Gjelsten raida Aker og betalte kjøpet med kassabehaldninga i Aker.

Møre og Romsdal fylkeskommune selde aksjane i Fjord1 til Sævik (Havilafjord) i 2011. Saman med ein dynamisk direktør, Dagfinn Netteland, snudde ein ny profesjonell eigar to tidlegare offentlege og tungrodde fylkesreiarlag som tapte kontraktar til konkurrentar til ei pengemaskin.

Møre og Romsdal kunne bruke pengane frå salet til å satse på samferdsel i fylket. Riksveg 60 som vart fylkesveg har er blitt trygg for ras og bygd til moderne veg frå Stranda fram til fylkesgrensa. På andre sida av fylkesgrensa er det veg bygd for hest og kjerre. Fylkeskommunen har fjerna vegen frå prioriteringslista. Ein treng ikkje undrast kvifor Hornindal kommune ønskte å byte fylke.

#metoo har ført til moralsk oppvakning og opprydding i norsk politikk, nokon har problem med hukommelsen. Ute i verda har populistiske politikarar vind i segla. USA har fått ein president som er lite nøye med å snakke sant, skryt uhemma av seg sjølv og skuldar sine motstandar for løgn. Er det Donald Trump som har blitt forbilde for fylkespolitikarar?

Banksjef Jan Erik Kjerpeseth kjem med oppmoding til å ta oppgjer med tidlegare synde, for å komme vidare og lære av feila som har blitt gjort. Lukke til!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags