Fjern støtteordningane til økologisk landbruk!

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det er mange meiningar og ry kring økologisk landbruk. Nokre trur at det er ein meir miljøvenleg måte å produsere mat på. Dette stemmer ikkje. Faktisk krev økologisk landbruk heile 44 prosent meir landareal enn tradisjonelt landbruk, for å produsere same mengde mat.

Det finst ulike stønadsordningar for å gjere det meir attraktivt å drive økologisk. Ei av ordningane er omleggingstilskotet. Storeparten av det som vert omgjort til landbruksareal er skog eller myrjord. Desse er begge viktige å verne om i det grøne skiftet. Dagens politikk støttar dermed dei som driv på ein lite miljøvennleg måte.

Idag har Noreg eit mål om at 15 % av all mat som blir produsert skal vere økologisk. Dette målet burde vi fjerne. La heller etterspurnaden bestemme kor mykje økologisk mat vi skal produsere.

Alle må bidra til det grøne skiftet, også bøndene. Men då må vi legge til rette for dei. Fjernar vi støtteordningane til økologisk landbruk vil vi kunne produsere meir mat, og samtidig løyse klimautfordringar!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags