Fjellvegen og tunell

I FJELLET: Det einaste fornuftige her er å legge hovudvegen i fjellet mellom dei to rundkøyringane. Då oppnår ein at trafikken på denne hovudvegen (Riksveg 5 og inntil vidare E-39) kan gli uhindra og trafikksikkert i fjellet på sørsida av alle T-kryssa, skriv artikkelforfattaren.

I FJELLET: Det einaste fornuftige her er å legge hovudvegen i fjellet mellom dei to rundkøyringane. Då oppnår ein at trafikken på denne hovudvegen (Riksveg 5 og inntil vidare E-39) kan gli uhindra og trafikksikkert i fjellet på sørsida av alle T-kryssa, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevStrekninga mellom rundkøyringane ved Førde Hotell og den på Hafstad, er litt over ein km lang. Dette er, og blir inntil vidare, den mest trafikkerte vegstrekninga i Sogn og Fjordane, mellom anna med omfattande tungtrafikk.

På denne korte strekninga er det planlagt 8 T-kryss i forskjellige storleikar. Frå vest er desse:
1. Mot sør: Av-/påkøyrsla ved Førde Hotell.
2. Mot nord: Det nye krysset ved Circle K-stasjonen.
3. Mot sør: Avkøyrsla til den eksisterande parkeringsplassen, sørvest for inngangen til det gamle Ølpolet.
4. Mot nord: Krysset med Langebruvegen.
5. Mot nord: Krysset ved Tingretten/nedkøyrsla til parkeringskjellaren under Rådhuset.
6. Mot sør: Det felles krysset til/mellom “Brunosten” og Lensmannskontoret.
7. Mot nord: Krysset ved Essostasjonen.
8. Mot sør: Det nye krysset til bustadfeltet i/ved Lysthaugen.



Det seier seg sjølv at så mange T-kryss på ein så kort strekning på det som er Sogn og Fjordane sin mest trafikkerte veg, det er «galskap». Det vil resultere i både køer og mange (unødvendige) trafikkulukker!

Det einaste fornuftige her er å legge hovudvegen i fjellet mellom dei to rundkøyringane. Då oppnår ein at trafikken på denne hovudvegen (Riksveg 5 og inntil vidare E-39) kan gli uhindra og trafikksikkert i fjellet på sørsida av alle T-kryssa. Trafikken i Fjellvegen blir kraftig redusert og fartsgrensa kan reduserast til 30 eller 40 km/t, noko som mellom anna vil gjere dei mange T-kryssa mykje meir trafikksikre.

Det heiter at «Målet med Førdepakken er å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde.» I sentrum sør er avstanden mellom elva og Fjellvegen ganske kort. Gir det då ei god sentrumsutvikling og eit godt og attraktivt bu- og arbeidsmiljø å legge Sogn og Fjordane si mest trafikkerte vegstrekning gjellom heile sentrum sør, slik at det meste av området blir dominert av tung trafikkstøy? Og kva viss ein i tillegg fjernar ein svært stor del av parkeringsplassane der utan å ha ein konkret plan for nye parkeringsplassar?

Det finst 2 alternative stader for plassering av eit Nynorskens hus i sentrum sør. Planen ser ut til å blokkere for det vestlegaste av desse alternativa, slik at det er uaktuelt. Men er det aktuelt å bygge det austlegaste alternativet viss ein fjernar nesten alle parkeringsplassane??? Neppe!

Ein heilt annan ting: Bilistane betaler for utbetringa av Fjellvegen via bompengar. Kva inntrykk gjer det på folk at bompengane dei betaler skal brukast til riving av, og erstatning til ein bensinstasjon, 3 bustadhus med garasje, og enda ein garasje i tillegg, til saman eit stort tal millionar. Vil folk oppleve det som attraktivt og fornuftig at pengane dei betaler skal gå til eit slikt formål og til ei så dårleg trafikkløysing for Sentrum sør?

Personleg vil eg mykje heller betale bompengar i 3 år ekstra og få ei skikkeleg trafikkløysing med tunnel forbi Sentrum sør. Og dermed unngå å måtte betale for både besinstasjonen, dei 3 bustadhusa og dei 4 garasjene! Det ville eg oppleve som fornuftig og framtidsretta pengebruk.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags