Nesse: – Gav ei saksopplysning

Kommunedirektør i Fjaler, Bente Nesse.

Kommunedirektør i Fjaler, Bente Nesse. Foto:

Av
DEL

MeiningarI svaret mitt til journalisten var poenget at dersom formannskapet seier nei til søknaden frå Lutelandet Energipark om dispensasjon frå kommunen sin reguleringsplan, så stoppar ikkje det nødvendigvis vindparkutbygginga på Lutelandet.

Eg gav ei saksopplysning om prosessen vidare som betyr at tiltakshavar kan søke departementet om at planen vert gjort om til ein statleg arealplan. Då blir konsesjonen bindande for framtidig arealbruk i området og vil erstatte tidlegare planvedtak.

Eg opplyste også at det er forståeleg at det er kome mange innspel, men at fristen for innspel er den 17. januar og at vi difor ikkje har starta sakshandsaming av søknaden. Administrasjonen i Fjaler kommune har i alle saker som vedkjem vindkraftutbygginga gjort faglege og sjølvstendige vurderingar. Det vil vi også gjere når denne søknaden skal handsamast og vi skal gje ei tilråding til formannskapet.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags