Vegvedlikehald i Fjaler

Foto:

Av
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

LesarbrevFjaler kommune har pr. i dag inga einskapleg handsaming av vegane i kommunen. Det som tidlegare vart kalla gards- og grendevegar, og vedlikehaldne av kommunen, har utan at det har vore gjort eit politisk vedtak vorte omdefinerte til private vegar. Dette kjennest for mange av innbyggjarane i kommunen særs urettferdig, då desse vegane er veldig ulike med omsyn til tal busette ved vegane, lengde og standard på vegane, og fellesskapet si interesse for å bruke vegane.

I grendene i Fjaler har vi framleis mange gardsbruk i drift. Vi veit alle at mindre gardsbruk i Noreg er under sterkt press, - sentralisering og omlegging til ”store robuste” einingar trugar vestlandsbruka. I Fjaler er det mange gardbrukarar som har investert og satsa mykje. Vi veit også at mange gardsbruk i Fjaler står framfor eit generasjonsskifte. No må vi politikarane i Fjaler syne at vi ynskjer at det skal bu folk i grendene våre, og leggje til rette for nettopp det. Å vite at vegen er brøyta så ein kjem seg på arbeid og skule vil vere ein tungvegande faktor, som kan avgjere om ein vel å busetje seg i grendene våre eller ikkje. Vi vil minne om at det føregår ein vesentleg produksjon og verdiskaping knytt til landbruket i Fjaler. Om ein ikkje legge til rette for at også grendene våre skal ta del i samfunnsgode som veg og fiber, vil Fjaler misse denne verdiskapinga, - den let seg ikkje flytte til Dale.

Fjaler har ein fantastisk natur frå hav til fjell, og er eit eldorado for den friluftsinteresserte. Privatpersonar har i samarbeid med kommunen gjort ein stor innsats med merking av turstiar. Vårt ynskje er at vi alle skal bruke naturen som helsefremjande verkemiddel, - både psykisk og fysisk. Det er då naturleg at kommunen tek på seg ansvaret for å vedlikehalde vegar som vi alle kan ha nytte og glede av. Ein kan ikkje forvente at privatpersonar skal ta kostnaden med vegar som er mykje nytta av allmenta.

Argumentasjonen som var nytta når den nye ordninga rundt vegvedlikehaldet vart innført var store innsparingar. I ettertid viser det seg at ein ikkje har nådd dei innsparingane ein var førespegla. Det vart lagt til grunn ei innsparing på 500 000 kr, som vi no veit berre er 214 000 kr i abonnementsinntekter. I den nye ordninga vart også vegar på under 200 meter lagt inn i abonnementsordninga. Dette er vegar som ofte er tidkrevjande og utfordrande å brøyte med tanke på storleiken på brøyteutstyr og plassering av snø.

I 2015 vart det gjennomført ei underskriftskampanje i kommunen der 811 røysteføre personar i kommunen skreiv under på at dei ynskjer at vegvedlikehalde i størst mogleg grad skal vere eit kommunalt ansvar, og at dei tykkjer dagens ordning råkar utkantane og enkeltpersonar særs hardt. Til samanlikning så er det om lag 1100-1300 personar i Fjaler som nyttar røysteretten sin vel val. Som folkevalde burde ein lytte til folkeviljen!

Dette vel Fjaler Sp å gjere og kjem med følgjande løysing: Alle vegar i kommunen med ei lengde på 300 meter eller meir med fastbuande registrert i folkeregisteret blir kommunale vegar. Også vegar til utfartsplassar til friluftsområdet som er mykje nytta av allmenta og vegar som av trafikktryggleiksgrunnar må vere eit offentleg ansvar vert kommunale. For oppsitjarar ved vegar som ikkje kjem inn under kriteria ovanfor blir det tilbod om å abonnere på brøyting frå kommunen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags