Dale vgs – limet i HAFS

Dale vidaregåande skule

Dale vidaregåande skule Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL
Den vidaregåande skulen i Dale gjer at dei fleste ungdommane i regionen kan bu heime og vere aktive bidragsytarar i sine lokalsamfunn. Skulen gir også regionen viktige arbeidsplassar for folk med høgare utdanning, og skapar elles mange positive ringverknader i våre små lokalsamfunn.

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Den første runden rundt den vidaregåande skulestrukturen viste at slike negative prosessar også kan vere utviklande og få fram kreativiteten. For Dale vgs sin del vil eg hevde at skulen kom styrka ut av prosessen og m.a. fekk på plass nye og framtidsretta tilbod i både IB-linje (i samarbeid med UWC) og Vg2 maritim produksjonsteknikk. Begge dei nye tilboda er dei einaste i sitt slag i fylket. Maritim Produksjonsteknikk er endå til det einaste i sitt slag i landet, og er utvikla av skulen sjølv saman med næringslivet.


Dei nye tilboda fekk ein på plass takka vere eit godt samarbeid mellom næringslivet i regionen, skulen sjølv og politisk nivå. Eg trur at eit slikt samarbeid er avgjerande for å utvikle skulen vidare. Næringslivet i regionen skal ha stor ros for engasjementet sitt og viser med handling kva rolle skulen speler for dei. Å vidareutvikle det gode samarbeidet mellom skulen og næringslivet i åra framover -og tilpasse tilbodet til næringslivet sine behov- blir viktig for skulen for å tiltrekke seg elevar og seinare for næringslivet for å tiltrekke seg god og stabil arbeidskraft med rett utdanning.At det vart IB-linje og maritim produksjonsteknikk det vart satsa på i første omgang er ikkje tilfeldig. Gjennom UWC på Haugland har ein eit internasjonalt miljø og ein kompetanse få andre kan vise til.


Eg viser til det faktum at HAFS-regionen har det mest internasjonalt retta næringslivet i heile landet (ref. Telemarksforsking). Hos oss er det heile verda som er marknaden og då er samarbeidet som er etablert rundt dei nye faga av svært stor betydning. Det har vore spennande å få vere med på denne prosessen, og ikkje minst sjå kor godt dei ulike aktørane har samarbeidd. Eg håpar og trur at dette berre er starten på eit godt og langvarig samarbeid mellom den vidaregåande skulen og næringslivet, til glede for begge partar og ikkje minst innbyggarane i HAFS-regionen.


Å utvikle HAFS-regionen utan ein vidaregåande skule vil vere svært krevjande. Vi er avhengig av heim- og tilflytting frå ungdomar i etableringsfasen. For desse er ein vidaregåande skule i nærleiken av avgjerande betydning når dei skal velje buplass. Difor må vi slå ring om og styrke Dale vidaregåande skule i åra som kjem.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken