Skulestruktur i Fjaler kommune

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Framlegg om nedlegging av Guddal skule er eit vedtak som undrar meg stort. Eg har tenkt mykje etter at eg var på kommmunestyremøtet den 22.06.15 der dette vedtaket vart fatta. Eg vil her komme med nokre ytringar.

Eg har vore kommunepolitikar i Fjaler i fleire periodar. I 2002 var det også konsulentfirma og ei eiga gruppe oppnemnt av kommunestyret som hadde gjennomgang av same saka. Framlegget frå nemnda då var at Flekke skule og Våge ungdomskule burde leggast ned. Dette på bakgrunn av avstand og busetnad. Dessverre vart dette nedstemt med minst mogeleg fleirtal. Ingen ting vart gjort. Den gongen var det ikkje aktuelt å leggja ned Guddal skule, på grunn av den lange reisevegen. Kvifor har dette endra seg, når geografien er det same?

Eg er skremt når eg ser kor lite motstand ei så viktig sak får av kommunestyret. Er alle så enige? Er det maktesløyse? Er det lite engasjerte politikarar? Eller er det slik at administrasjonen sine framlegg stort sett vert vedteke utan stor dissens?

Det undrar meg at ei så viktig og vanskeleg sak vert lagt ut på høyring på tampen av ein kommunestyreperiode. Det nye kommunestyret har ikkje vore med på utgreiinga og bør ha god tid til å vurdere alle tre alternativa. Konsekvensane av det framlegget som er lagt ut til høyring er så alvorlege at det må vurderast i alle vinklingar. Dette gjeld sjølvsagt alle tre alternativa. Utifrå hensyn til dei minste barna og store avstandar er det ikkje tvil om kva alternativ som gjer mest skade. Vi er ikkje så mange i Guddal, så "kjøttvekta" er ikkje nok til å berge skulen. Vi håper derfor på solidaritet og vilje til å behalde slike små grendeskular.

Etterkvart ser eg ei utvikling i landet og no også på lokalplan som uroar meg. Det er sentraliseringa som akselererer i stor fart og lokalsamfunna ser ut til å lata seg rive med. Hvis lokalpolitikarane ikkje tek innover seg konsekvensane av dei vedtak dei tek, er det all grunn til ettertanke. Utkantane vert mindre og mindre og vil etterkvart få lite innflytelse på beslutningsprosessane. Derfor er vi heilt avhengig av at dei som gjer vedtaka ser konsekvensane. Ikkje berre her og no, men også på lang sikt. Eg har høyrt rykte om at visse lokalpolitikarar har uttalt at "når dei buset seg slik, får dei berre ha det så godt". Er det slik politikk vi vil ha? Alle er avhengig av alle, og tek vi ikkje hensyn til dei svakaste ledda vil det tilslutt råka alle. Det er i slike saker viktig at ein ikkje arbeider ut frå fastlåste haldningar, prestisje eller egoisme (til eiga vinning), men prøver å sjå den totale verknad av å leggja ned skular og derav bygdelag. Flyttar berre nokre få personer som betaler skatt etc. til kommunen, blir det ikkje mykje igjen av gevinsten av event. nedlegging,

Eg minnast frå den tida eg var i politikken at det var mange tøffe tak og eg er stolt over det vi fekk til for utkantane. Trur ikkje det gjekk så mykje utover dei i sentrum, stort sett var det ein fin balanse. Utkantane kan sjølvsagt ikkje vente å ha alt som i sentrum, sjølv om vi betaler både skatt og avgift som alle andre. Vi må kunne forvente å ha det mest grunnleggjande, slik som veg, skule/barnehage og ei tilpassa helseomsorg. Det er vel ikkje for mykje forlangt!

Kvifor buset vi oss slik?

Dette handler ikkje berre om skulestruktur, men like mykje bygde-næringsstruktur. I Fjaler er det bu - og driveplikt når du eig ein gard. Då må vi kunne forvente at kommunen legg tilrette for dei som tek over gardsbruk. Skal vi drive landbruk må vi bu i utkantane der jorda og beitemarka er. Det er ikkje eit lettvint og romantisk liv, som nok mange trur. Daglige oppgaver krev bonden heile døgnet og med små barn som også skal leve eit godt liv, vert problemstillingane etterkvart store. Skal dei minste barna få dagleg reiseveg på fleire mil vert det vanskeleg å forsvare at ein buset seg slik. Vi er avhengig av at politikarane legg tilrette for at ein kan leve og bu på slike plassar.

Til slutt nokre konkrete spørsmål/ytringar til dei ansvarlige (ordførar/rådmann/skulesjef):

Kvifor blir berre eit av fleire alternative skulenedleggingar lagt ut til høyring?

Kvifor er det berre den skulen med lengst reiseveg og som gjev minst innsparing som blir foreslått nedlagt?

Kvifor er ein skule "freda" og kva er objektive grunnar til det?

Kvifor er det i dette høve ikkje sett ned ei politisk/administrativ nemd som legg fram si tilråding etter å ha vurdert administrasjonen sitt reknestykke og konsekvens av alle alternativa. Det manglar ei kvalitetssikring av reknestykka frå konsulentfirma og administrasjonen!

I konsulentrapporten viste nedlegging av Guddal skule ei "innsparing" på

kr. 700 000, men er i framlegget frå administrasjonen blitt til 1 million. Kva er endra her? Har politikarane hatt innsyn i beregningane og anledning til å kontrollere tala? Er det avvik på dei andre alternativa?

Fjaler profilerer seg som " eit ope samfunn" og eg forventar difor at alle reknestykke frå konsulentfirma og administrasjonen er til offentlig innsyn!

Eg ser fram til utgreiing og svar på desse ytringane i god tid før valet!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags