Fjaler-folk kan lett vakne til økonomisk bakrus

VOND: Saka om den nye gigantskulen på Dingemoen er i ferd med å utvikle seg til ein vond draum, skriv Torodd Fagerheim i denne artikkelen..

VOND: Saka om den nye gigantskulen på Dingemoen er i ferd med å utvikle seg til ein vond draum, skriv Torodd Fagerheim i denne artikkelen.. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Dei folkevalde er nemleg ferd med å gje folket i kommunen ei julegåve dei bør takke nei til. Kostnaden er evigvarande. Og prislappen skapar evig bakrus.

Saka om den nye gigantskulen på Dingemoen er i ferd med å utvikle seg til ein vond draum. Anleggsarbeidet har så vidt byrja. I sommar knuste maskinene gamleskulen frå 1921. Om eit lite år vil også dei andre skulebygningane vere fjerna. Alt skal vekk. På «branntomta» er det vedteke å reise eit dobbelt so stort skuleanlegg med plass til 300 elevar. Ungdomsskulen nede i bygda skal tømmast for ungdom. Dei skal no flyttast til Dingemoen.

Men enno er ikkje pengane løyvde. Det skal kommunestyret gjere komande måndag. På saklista står låneopptak på ufattelege 154 millionar kroner. Ingen bør tru at det stoggar der. Prislappen kan fort ende på 200 millionar.

Desse pengane skal kommunen betale renter og avdrag for, i meir enn ein mannsalder. Stort nærare kjem du ikkje ein evigvarande kostnad.

Eg har snakka med røynde økonomar. Dei seier at rådmannen har spekulert i at dagens historisk låge rente, skal vare i 40 år – for å få den årlege kostnaden so låg som mogeleg. Derfor er dette eit risikoprosjekt, som Fjaler sine innbyggjarar kan måtte betale dyrt for i framtida. For eit lån som skal betalast på heilt fram til 2058, ville det vere langt meir ansvarleg å nytte ein rentesats på til dømes 8 %.

Om kostnaden på Dingemoen stoggar på 170 millionar, vil Fjaler då årleg måtte ut med 13,6 millionar til å betale lånet. Dersom kostnaden endar på 200 millionar, kostar lånet 16 millionar årleg.

Dette er store summar i ein liten kommune. Nokon må betale. Kvar skal ein årleg spare inn 16 millionar? I skuleverket? I eldreomsorga? Eit ansvarleg kommunestyre kan ikkje berre sitje og vedta slike lån – utan å fortelje innbyggjarane sine kvar ein skal hente nye 16 millionar kroner kvart einaste år i 40 år. Det vil i såfall vere eit reint ran frå lommebøkene til folk.

På måndag om ei lita veke skal kommunestyret i Fjaler vedta eller forkaste desse eventyrlåna for Dingemoen. Til denne tid ser det ikkje ut til at politikarane har fatta alvoret. Rådmannen kamuflerer konsekvensane best ho kan.

Eg oppmodar alle Fjaler-folk til å bruke dei få dagane som no er att, til å gå på sine folkevalde, og stille dei til ansvar. Dette er den siste sjansen du har. Meld frå: Ei slik evigvarande julegåve vil vi ikkje ha. Om ikkje, har du mist klageretten. Då kan vi innbyggjarar i Fjaler lett vakne til ein økonomisk bakrus, som ikkje vil gje seg på 40 år.




Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags