Ap vil behalde IB-tilbodet i Fjaler

Av
DEL

LesarbrevI forbindelse med Vestland fylkeskommune sin budsjettprosess har kutt i IB -tilbodet blitt lagt fram som alternativ saldering med ei innsparing på 0,5 mill. kr.

Forslaget inneber at det då ikkje lenger vil vere eit IB-tilbod i Vestland.

Vestland Ap vil vere tydeleg på at dette er noko vi ikkje kjem til å støtte.
Nye Vestland har i dag IB- tilbod ved Bergen Katedralskule, samt at vi kjøper 2 elevplassar ved UWC i Fjaler.

IB står for internasjonal baccalaureate og er ei utdanning der alt læremateriell og all undervisning er på engelsk, i tillegg kvalifiserer utdanninga til opptak ved dei fleste høgare lærestader i verda. Internasjonalt samarbeid og kommunikasjon står sentralt og difor er dette tilbodet viktig både for ungdom og næringslivet i fylket vårt.

Vi er samde med elevrådsleiaren ved Bergen Katedralskule, Fredrik Hasselberg, at det vil vere eit stort tap for Vestland om vi ikkje skal ha eit IB tilbod i fylket vårt og om vi blir utan internasjonal vidaregåande utdanning.

Vestland Ap er difor tydeleg på at dette er eit tilbod elevane våre framleis skal ha moglegheit til å søkje seg til i nye Vestland.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags