Fjaler kommune og hytte på Folkestad

Tiltakshavar har ikkje fått løyve til alt han har søkt om, det er omgjort og tilpassa for på best mogleg måte å ta vare på områda. Vi må også hugse at mange av dei utførte tiltaka allereie er avslått, og gitt pålegg om tilbakeføring innan 15.12.19, dette er områda 1-7 på kart.  Den ytterste fyllinga/molo i sjø, C 2, er vurdert som det alvorligaste inngrepet i friluftsområdet/strandsona, skriv kommunedirektør i Fjaler, Bente Nesse.

Tiltakshavar har ikkje fått løyve til alt han har søkt om, det er omgjort og tilpassa for på best mogleg måte å ta vare på områda. Vi må også hugse at mange av dei utførte tiltaka allereie er avslått, og gitt pålegg om tilbakeføring innan 15.12.19, dette er områda 1-7 på kart. Den ytterste fyllinga/molo i sjø, C 2, er vurdert som det alvorligaste inngrepet i friluftsområdet/strandsona, skriv kommunedirektør i Fjaler, Bente Nesse. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSaka om hytta på Folkestad og Fjaler kommune si handsaming av dei ulike tiltaka er fleire gonger skrive om i Firda. Det er viktig at det vert sett søkelys på slike saker og media har ei oppgåve med å opplyse om saka og få fram dei ulike forholda.
Ein kan ikkje forvente at lesarar har kunnskap om lover og retningsliner i slike komplekse saker og då har media ei oppgåve å formidle fakta slik at ein i størst mogleg grad får diskusjonar på rett grunnlag.

Etter oppslaga i papiravisa den 4. desember med overskrifta: «Dette slepp hytteeigar unna med» og faktaboksen i nettutgåva den 2. desember med overskrifta: «Kommunens eigen tabbe» har det gått føre seg diskusjonar m.a. i sosiale media som er av ein slik karakter at vi ønskjer å få fram fakta i saka så langt vi på noverande tidspunkt kan kommentere.

Bente Nesse, rådmann i Fjaler kommune

Bente Nesse, rådmann i Fjaler kommune Foto:

I Firda sin faktaboks den 2. desember står det m.a. «Men då formannskapet i mars 2018 var på synfaring på tomta saman med representantar frå Fylkesmannen, synte det seg at hytteeigaren hadde fått munnlege løyve til det meste av arbeidet av dåverande teknisk sjef i Fjaler kommune». Dette er direkte feil. Det er ikkje gitt munnlege løyve til tiltak av tidlegare teknisk sjef eller nokon andre i Fjaler kommune. Sjølvsagt har det vore dialog mellom tiltakshavar og sakshandsamar, men svar på søknader er handsama skriftleg og sakene er handsama i h.h.t. lovverk.

Overskrifta «Dette slepp hytteeigar unna med» er misvisande og feil. Vi finn det difor rett og naudsynt å få fram eit meir nyansert bilde av dei ulike sakene.

I juni 2014 kom det søknad om å rive eksisterande hytte, oppføring av ny hytte, naust, bryggeanlegg og veg. Det var opplyst at alle tiltaka held seg innanfor rammene som er sett for hyttefeltet, altså at dei er i samsvar med reguleringsplan. I søknaden er bårehol greia ut som privat vassforsyning.

I august 2014 vart det gitt dispensasjon frå reguleringsplanen sitt krav om utbyggingsplan, og byggeløyve i samsvar med søknaden. Gjeldande reguleringsplan vart lagt til grunn. I ettertid har det vist seg at den aktuelle hyttetomta låg feilplassert i plankartet. D.v.s. at ein stor del av tomta ligg i regulert friluftsområde. Det vart på same tid gitt utsleppsløyve av sanitært avløpsvatn via slamavskiljar til sjø.

I januar 2015 mottok kommunen søknad om å sprenge ut grøft for sjøleidningane og 650 m³ fjell i den grunnaste delen av vika, for å kunne nytte vika som båthamn. Det vart vurdert til å vere i tråd med reguleringsplan og løyve vart gitt med vilkår om at all sprenging skjer under normalt sjønivå.

I september 2015 mottok kommunen anonymt tips om at det var bygd ein mur. Det vart då tatt kontakt med tiltakshavar, som i e-post opplyste om måla på muren. Dette vart ikkje følgt opp vidare frå kommunen si side.

I oktober 2017 kom søknad om mellombels bruksløyve. Det vart gjennomført ei synfaring i lag med tiltakshavar i november 2017 som førte til stopp av alt arbeid og pålegg om å søke om dispensasjon. Søknaden om dispensasjon til sprenging, muring og fylling kom opp til handsaming i møte i januar 2018, men vart utsett til formannskapet i lag med Fylkesmannen, fekk gjennomført ei synfaring.

Denne vart gjennomført i mars 2018. Saka vart så oversendt Fylkesmannen for uttale, og saka vart handsama av formannskapet i september 2018. Tiltakshavar vart her pålagt å søke om dispensasjon og påfølgjande byggeløyve for igangsette eller ferdige tiltak. Fleire tiltak vart sagt nei til, dei får han ikkje søke om dispensasjon, men må føre tilbake til naturleg tilstand. Tilbakeføringa omhandlar mellom anna å fjerne fleire steinfyllingar, legge steinfylling i utsprengt område og legge på stadeigen jord, samt å legge stadeigen jord og plantar på område som er bora klar for utsprenging og andre avdekte område.

Fjaler kommune har jobba vidare med å følge opp vedtaket frå september 2018, og i formannskapsmøte 2. desember 2019 vart dispensasjonssøknaden handsama. Her var det for oss viktig å sjå på konsekvensane med tilbakeføring og dei skadane det kan gje. Livet i sjøen inst i hamna er kanskje begynt å komme tilbake igjen etter dei sprengingsarbeida som vart gjort for nokre år sidan. Tang og tare, skjel, sjøstjerner og andre botndyr er nok etablert igjen.

I sak 132/19 vart det gitt dispensasjon til oppføring av muren rundt hytta slik den står, med vilkår om at det skal leggjast på stadeigen jord og plantast furu, einer og lyng mot sjøsida for å dekke til muren. Hytta ligg såpass høgt at høgdeforskjellen mellom terreng på svaberg og golvnivå blir svært markant.

På hytta er det verandadør mot vest, dersom ein tek vekk mur og fylling vil det likevel bli ei fylling med høg skjering eller veranda på høge søyler. Det vart også gitt dispensasjon til kaia, her vart det vurdert at dersom vi hadde fått inn ein søknad om endring av arealformålet i reguleringsplan, ville vi kanskje gitt løyve til det. I reguleringsplan er det ei stor kai som går heilt ut på neset. Området der det er oppført kai, vart omdisponert til arealformål kai/småbåtanlegg, Jf. område B i vedlagt kart. Vilkår for løyve er at område utanfor B vert omdisponert frå kai til friluftsområde land/sjø. Det vil si at kaia kan ikkje utvidast, slik det var planar om. Delar av flytebrygga, som i dag ligg utanfor nemnt område B i kart, må fjernast. Det vart vidare gitt dispensasjon til muring og plassering av fyllmassar i friluftsområdet med vilkår til muring og plassering av fyllmassar i området inst i vika, C 1. Det vert vidare gitt pålegg om at plastring/mur og fylling i område C 2 vert fjerna ned til kote – 2, eller der det møter opphavleg terreng/sjøbotn. Jf. område C i vedlagt kart.

Tiltakshavar har ikkje fått løyve til alt han har søkt om, det er omgjort og tilpassa for på best mogleg måte å ta vare på områda. Vi må også hugse at mange av dei utførte tiltaka allereie er avslått, og gitt pålegg om tilbakeføring innan 15.12.19, dette er områda 1–7 på kart.

Den ytste fyllinga/molo i sjø, C 2, er vurdert som det alvorlegaste inngrepet i friluftsområdet/strandsona. Det er ikkje funnet grunnlag for å gje dispensasjon til dette tiltaket, og fyllinga må difor fjernast. Dette vert følgt opp som eiga sak.
Tiltakshavar har signert søknaden og har med det erklært at han kjenner til reglane om straff og sanksjonar i plan- og bygningslova kap. 32, og at det kan medføre reaksjonar dersom det givast uriktige opplysningar.

Ulovlegheitsoppfølging jf. pbl § 32 er likevel ei eiga sak, og det er der vi skal følge opp eventuelle sanksjonar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags