Vegvedlikehald og eigedomsskatt

Foto:

Av
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

LesarbrevVi registrerer at Fjaler Sp er ute med ei julehelsing i form av eit lesarinnlegg i Firda no i romjula. Her gjer dei greie for sitt framlegg til nye retningslinjer for private gards- og grendevegar.

At dette er ei viktig sak for Senterpartiet har vi forståing for, men det blir likevel noko lettvint å hoppe bukk over dei økonomiske realitetane.

I kommunestyret 19.12 fremja Sp dette framlegget med ei inndekning på å auke eigedomsskatten med 0,5 promille, noko som utgjer ca. 550.000 kr. Ifølge rådmannen sine tal vil framlegget til Sp koste minst det doble. Å innføre same retningslinjer som Askvoll vil ifølge rådmannen gje ca. 1,2 mill i meirutgift. Sp sitt framlegg gjekk endå til eit hakk lenger enn Askvoll sin praksis.

I tillegg røysta Sp for eit framlegg frå Miljøpartiet Dei Grøne om å auke eigedomsskatten med 1 promille for å m.a. berge barnehagane på Hellevik og Guddal.

Når ein så veit at maksgrensa er 7 promille og at det allereie låg inne ein auke på 2,5 promille i økonomiplanen begynner reknestykket å slå kraftige sprekker. I tillegg vert innsparingane mindre som følge av å halde oppe dei nemnde barnehagane. Totalt opererer dermed opposisjonen med Sp i spissen med ei underdekning på ca. 3,5 millionar i året utover i økonomiplanperioden.

At budsjettet deira går i hop for neste år blir fattig trøyst når ein då brukar opp inntektspotensialet og samstundes kuttar innsparingar. Det gjer situasjonen dobbelt ille på sikt.

Kva er så konsekvensen av å finansiere alle gode ønske ved å auke eigedomsskatten?

Jau, inntil eit visst nivå kan det gå, men når ein har nådd taket og samstundes let vere å gjere nødvendige strukturgrep har ein skaffa seg ei solid utfordring.

I tillegg vil vi hevde at å sette eigedomsskatten på makssats er eit heller dårleg tiltak når ein ønsker å rekruttere nye innbyggarar. Vi har hatt ein pen folketalsvekst i sentrum dei seinare åra. Konsekvensen av Sp si røystegjeving vil fort bli ein eigedomsskatt på ein del hus på ca. 15.000 kr i året. Det vil neppe stimulere denne veksten ytterlegare.

Dei som vil merke ein slik kraftig auke i eigedomsskatten mest er den gruppa vi aller helst ønsker å få tak i; nemleg småbarnsfamiliar som ofte ønsker å bygge sitt eige hus.

Vi har forståing for at ein er opptekne av å innfri valløftet om vegvedlikehaldet, men forventar likevel økonomisk edruelegheit og ikkje minst; innbyggarane har krav på å vite korleis Sp på sikt ser føre seg å finansiere desse tiltaka.

For oss får dette meir eit preg av å vere eit politisk spel og ikkje eit reelt forsøk på å få gjennomslag. Når ein sit i opposisjon bør ein jobbe aktivt inn mot fleirtalet om ein ønsker å få saker gjennom. Vi registrerte ikkje noko engasjement for desse såkalla hjartesakene i formannskapet eller i forkant av kommunestyret, og vart ikkje på noko tidspunkt kontakta før same dag som kommunestyremøtet.

Å fremje slike framlegg direkte i møtet utan å ha prøvd å etablere eit fleirtal i framkant er ikkje det vi vil kalle eit truverdig politisk handverk.

Kjetil Fristad (gruppeleiar Fjaler Ap)

Odd Helge Aase (gruppeleiar Fjaler Høgre)

Arne Osland (gruppeleiar Fjaler Venstre)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags