Ope brev til kommunepolitikarane i Fjaler i høve ny organisering av helse og omsorg

OMORGANISERING:  Gunnhild Berge Stang og resten av kommunstyret skal behandle ny organisering av helse og omsorg. Tidlegare leiar for ergo- og fysioterapi, Arvid Eide, er kritisk til det som blir tilrådd.

OMORGANISERING: Gunnhild Berge Stang og resten av kommunstyret skal behandle ny organisering av helse og omsorg. Tidlegare leiar for ergo- og fysioterapi, Arvid Eide, er kritisk til det som blir tilrådd. Foto:

Av
DEL

MeiningarEg engasjerer meg i denne saka som samfunnsinteressert pensjonist og innbyggjar i Fjaler, også i solidaritet med tidlegare kollegaer i helsetenesta i Fjaler. I mitt yrkesliv var eg leiar for tenesteeining for fysioterapi i 32 år, og helse- og sosialsjef i 3 år i Fjaler. Eg meiner difor at eg har god erfaring/innsikt i korleis Helse- og omsorgstenestene har fungert med noko vekslande organisering over 35 år.

Sidan vi fekk lov om kommunehelseteneste i 1986 har dei ulike deltenestene innan omsorg, helse- og sosialteneste vore organisert i ein flat struktur under helse- og sosialsjef fram til år 2000. Då omorganiserte kommunen og fjerna etatssjefnivået og dei politiske utvala som behandla saker for dei ulike etatane.

Også etter denne omorganisering var tenesteeiningane uendra og låg på ein flat struktur, no direkte under rådmannen. Fleire av rådmennene uttrykte då at det var krevjande å forholde seg til så mange tenesteeiningar. Som ein konsekvens av dette er det no tilsett Kommunalsjef helse- og omsorg som reetablerer eit administrativt, samlande og koordinerande nivå mellom tenesteeiningane og rådmannen. Om ein ser dette tiltaket i samanheng med den omorganiseringa kommunestyret no skal ta stilling til, er dette truleg det viktigaste tiltaket.

Framlegget til organisering av tenesteeiningar under kommunalsjef bryt ein lang tradisjon med flat struktur og likeverd mellom ulike fagområde som alle er lovpålagde, naudsynte og viktige for å ha ein velfungerande kommune.

Den mest drastiske endringa sett frå min ståstad er at Helsestasjon, Legetenester og Ergo/fysioterapitenester skal opphøyre som sjølvstendige tenesteeiningar.

Alle som har sitt arbeid i offentleg sektor eller verksemder av ein viss storleik veit at eit Organisasjonskart gjev formelle føringar på kva som skal vere tenesteveg, det påverkar moglegheiter for å få og å gje informasjon, kome med innspel og bli involvert i prosessar – fagutvikling/tenesteutvikling. Det påverkar og kor mykje ressursar som skal brukast til administrasjon.

Ei teneste er likeverdig med andre som ligg på same horisontale line i kartet, dei tre helsetenestene blir dermed formelt og praktisk degradert, informasjon og kommunikasjon til kommunalsjef, rådmannen og politisk leiing må gå via ein tenesteleiar utan fagspesifikk kompetanse. Dei vil og vere utestengde frå møter på tenesteleiarnivå under kommunalsjef. Dette viktigaste faglege forumet i kommunen, der mange viktige samarbeidspartar er å finne.

I rådmannen si utgreiing til kommunestyret blir det vektlagt at dei tre nemnde tenesteeiningane er relativt små og det er ein vinst å samle dei. Det som ikkje blir vektlagt er at alle tre tenestene har sine heilt spesielle fag- og funksjonsområde der samarbeidslinene til andre deler av det kommunale tenesteapparatet er og bør vere sterkare enn det dei tre einingane har til felles:

Helsestasjon -> barnehagar, alle skular, barnevern, PPT, Ergo/fysio, lege

Fysioterapi-> barnehagar, alle skular, PPT, NAV, alle avdelingar innan bistand og omsorg, folkehelsekoordinator, teknisk avd., Helsestasjon, legeteneste.

Legetenesta -> samarbeider breitt med alle dei instansar som er nemnt ovanfor,

Det er forunderleg at ikkje rådmannen og den nye kommunalsjef for helse- og omsorg vil ha desse tre fagleg spesielle og sjølvstendige tenesteeiningane med i ein flat struktur saman med sine viktige samarbeidspartar. I mi tenestetid i Fjaler kommune møttest tenesteleiarane i den flate strukturen med jamne mellomrom for orientering og kommunikasjon. Det var svært verdifullt. Fagutvikling, tenesteutvikling og samarbeid er ikkje alltid toppstyrt. Slike prosessar utviklar seg best når tilhøva ligg til rette for at samarbeidspartar treffest og kommuniserer på like fot

Omorganiseringsprosjektet har sjølv sett opp ein del mål for organiseringa, eg siterer dei som er relevante for denne diskusjonen:

Punkt 2: Leiarar som har ansvar for tenestekvalitet og har kompetanse og tid til å leie sine grupper.

Punkt 4: Legge til rette for fleksibel bruk av fagpersonell mellom einingane men med klart definerte arbeidsoppgåver.

Punkt 5: Samordna organisering for samhandling, tverrfagleg arbeid og optimal informasjonsflyt

Med det framlegget til organisasjonsstruktur som ligg føre, blir ikkje desse måla innfridd for Helsestasjon, Ergo/fysioterapi og Legetenestene – i ein flat struktur blir dei innfridd.

I NOU 2018:16 gjer Regjeringa greie for prinsipp for prioritering som skal gjelde for kommunale helse- og omsorgstenester. Tre kriterium er gjort gjeldande:

Nyttekriteriet: Forventa nytte av eit tiltak

  •  
    • overlevelse eller redusert funksjonstap fysisk eller psykisk funksjonsforbedring
    • reduksjon av smerter, fysisk eller psykisk ubehag
    • økt fysisk, psykisk og sosial meistring

Resurskriteriet: Prioritet på tiltak som har god effekt med lite ressursbruk (t.d. førebygging)

Alvorlighetskritetiet -vurdert ut frå:

  •  
    • risiko for død eller funksjonstap
    • graden av fysisk eller psykisk funksjonstap
    • smerter fysisk eller psykisk ubehag
    • graden av fysisk psykisk og sosial meistring

Det er oppsiktsvekkande at rådmannen/kommunalsjef ikkje vil ha med seg leiarane av dei faggruppene i kommunen som har størst kompetanse innan desse felta i leiargruppa

Eg har god kontakt med mine tidlegare kollegaer. Eg har ved å spørje dei fått kjennskap til at denne prosessen har vore tung for både leiarar og tillitsvalde og har skapt spenningar og mykje energibruk I ein prosess som reduserer deira integritet i kommunen, har dei ønskt å få vere meir delaktige frå starten, dei har prøvd å argumentere for framleis å vere tenesteeining i ein flat struktur under kommunalsjef. Eg veit at dei har ført fram saklege og gode faglege argument.

Rådmannen på si side hevdar i si saksframstilling til kommunestyret 11.02.19 at prosessen så langt har vore god. Utad (intervju i Firda), i saksutgreiing til kommunestyret 11.02. og munnleg i kommunestyret blir denne usemja frå rådmannen si side redusert til ... at det alltid vil vere noko uro og misnøye slike prosessar. Dette er ei grov tilsidesetjing av seriøse og godt underbygde faglege argument.

Ut frå mine 35 års erfaringar som leiar for tenesteeining Ergo/fysioterapi i flat struktur under helse- og sosialsjef/rådmann er eg overtydd om at flat struktur også vil vere den beste organiseringa for framtida. Då vil det faglege mangfaldet vere representert og til disposisjon for kommunalsjef/rådmann, ein sikrar samordna organisering for samhandling, tverrfagleg arbeid og optimal informasjonsflyt, noko som faktisk er eit skriftleg uttrykt mål for prosjektet. Det vil gje det beste utgangspunktet for å utvikle god kvalitet på fag- og tenesteutøving til minst mogeleg kostnad.

Mi oppfordring til kommunepolitikarane i Fjaler er at dei syter for at helse- og omsorgstenestene også i framtida har ein flat struktur der Helsestasjon, Ergo/fysioterapi og Legeteneste består som eigne tenesteeiningar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags