Fjaler Sp går framleis for HAF(S)

Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.For Fjaler Senterparti er ei samanslåing av kommunane i HAFS det einaste alternativet. Vi har fått eit mandat til frå innbyggarane i Fjaler og dersom vi skal arbeide for andre alternativ for Fjaler si framtid må eit nytt mandat gjevast frå folket i Fjaler, då helst som ei folkeavrøysting og ikkje som ei innbyggarhøyring

Kommunereforma har hatt stor merksemd i den siste tida, i alle kanalar. Fleire kommunar har hatt folkeavrøysting, nokre har nytta innbyggarundersøking. Val av metode har vore omstridt, og ulike svaralternativ i ulike kommunar har igjen resultert i ulik grad av tydlege resultat.

Det er godt kjent at Senterpartiet sentralt ikkje er særleg begeistra for regjeringa sin iver i arbeidet med kommunereforma og ser heller ikkje den store nytten av å slå saman kommunar i større einingar, noko som på sikt vil kunne føre til utarming av distrikta. Stortinget har vedteke at samanslåing av kommunar skal vere frivillig. Likevel ser ein at regjeringa legg sterke føringar i forslag til nytt inntektssystem på ein slik måte at særleg mindre kommunar vil kunne få reduserte overføringar frå staten. Slik skal altså kommunar «tvingast» til å slå seg saman.

Likevel, ved kommunevalet i 2015 programfesta Fjaler Senterparti at dersom Fjaler skulle slå seg saman med andre kommunar, ville det naturlege valet vere ei samling av kommunar i Hafs. Ein føresetnad for dette var at folket ved folkeavrøysting ville det slik.

Resultatet frå den siste spørjeundersøkinga i Fjaler gav eit svært tydleg signal. 57% stemde for Hafs, så slik skulle det ikkje vere tvil om kva som er folket sin vilje.

Fjaler kommunestyre må vere tydelege på at vi framleis ynskjer samarbeid med naboane våre, vi har framleis tid til å fatte positive vedtak i alle HAF(S) kommunane og danne grunnlaget for ein framtidig kystkommune.

Fjaler Senterparti meiner at forhandlingutvalet i Fjaler må ta omsyn til stemmeresultatet i kommunen, og vere aktiv i drøftingar med Hyllestad og Askvoll. Det vil vere å ta folket på alvor. Alt snakk om å bli med i SiS må ta slutt. Slik det ser ut no er det også tydleg at SiS-kommunane har nok med seg sjølve i prosessen vidare.

Til slutt vil vi oppmode forhandlingsutvala både i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og reforhandle intensjonsavtalen som ligg til grunn. Kan det vere føringar der som kan justerast til beste for samanslåingsprosessen? Dette bør det vere tid til før neste kommunestyremøte i kommunane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken