Gå til sidens hovedinnhold

Venstre held fast ved Øyra

Artikkelen er over 6 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Fjaler Venstre har konsekvent røysta for Øyra som ny gravplass i Dale kvar gong saka har vore handsama i kommunestyret. Og Venstre held framleis fast ved Øyra som det beste alternativet når saka no kjem opp endå ein gong - i samband med ny reguleringsplan for Dale.

Venteleg vil Arbeidarpartiet - med støtte frå Høgre og SV - få fleirtal for å endre gjeldande reguleringsplan og flytte gravplassen frå Øyra til Vollamyra. Ordførar Helle meiner dette ikkje er ei spesielt stor og viktig sak, og at saka neppe vil få særleg innverknad på resultatet av årets kommuneval. Kanskje det.

Men om gravplass-saka i Dale ikkje er så viktig, kvifor har då Fjaler Ap aldri akspeptert opptil fleire klare og tydlege vedtak i kommunestyret dei siste ti år til fordel for Øyra - og i staden brukt tid, krefter og ressursar på stadige omkampar?

Med ei rekordstor kommunestyregruppe i ryggen, ser det no ut til at Fjaler Ap endeleg vil få viljen sin - trass i at Vollamyra blir frårådd av fagfolk og kyrkja sine organ, at Vollamyra kan vise seg å bli klart dyrare enn Øyra, og at grunneigaren ikkje ynskjer å selje. Oreigning veit vi kostar både tid og pengar, mens Øyra allereie er i kommunal eige.

Fjaler Venstre tar atterhald om å vurdere gravplass-saka på nytt etter valet. Om det nye kommunestyret får ei anna samansetning - og om det viser deg å vere politisk grunnlag for det, kan saka fremjast på nytt. Her kan veljarane aktivt vere med å påverke utfallet ved å seie si klare meining på valdagen.

Kommentarer til denne saken