Ein offensiv bustadpolitikk i Fjaler

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevKommunestyret i Fjaler handsama i slutten av juni kommunedelplan for Dale. Planen legg føringar for arealbruken i sentrum i åresvis framover og er såleis eit svært viktig dokument

Mykje av diskusjonen i førekant av handsaminga av planen har dreia seg om plassering av gravplass. Ein skal ha respekt for at det er viktig for mange, men denne planen inneheld også fleire element som etter mi meining hadde fortent større merksemd enn dei har fått.

Eit av dei er areal til bustadområde. Skal Fjaler framstå attraktiv for både tilflyttarar og heimflyttarar er tilgang på attraktive og sentrumsnære tomtar av stor betydning. Vi har opplevd auke i folketalet i Dale sentrum dei seinare åra og det er heilt avgjerande at ikkje den positive utviklinga stoppar opp grunna mangel på tomtar.

Difor er eg glad for at eit stort fleirtal i kommunestyret ønskjer å ha ein offensiv bustadpolitikk og difor avviste Senterpartiet sitt framlegg om å ta ut 3 attraktive bustadfelt i Dale med plass til 62 bueiningar av omsyn til matjorda – utan å erstatte dei med alternative område.

Sjølvsagt skal også Fjaler kommune ta slike omsyn, men så lenge planutkastet er godkjend av fylkesmannen si landbruksavdeling meiner eg vi må legge til grunn at desse omsyna er  ivaretekne på ein god måte.

Planen inneheld no areal til 140 nye bueiningar. Desse er varierte med tanke på både beliggenheit og plass til både einebustadar, rekkehus og bygging etter tunstruktur. Etter mi meining møter vi difor framtida offensivt og vil ha mange gode muligheiter å tilby dei som ønskjer å etablere seg i Dale.

Kva så med resten av kommunen?

Også der er det sjølvsagt viktig å vere på offensiven. Vi held no på med arealdelen av kommuneplanen for alle deler av kommunen utanfor Dale sentrum. Her treng vi ein offensiv politikk når det gjeld tilrettelegging av tomtar.

Vi har registrert ei stigande interesse i ytre Fjaler med det som skjer på Lutelandet i desse dagar, og den store aktiviteten på Haugland gjev mogelegheiter for Flekke/Guddalsområdet.

Næringslivet i Fjaler er variert og kan vise til stor vekst dei siste åra. Dette i kombinasjon med attraktive tomtar, gode offentlege tenester og satsing på bygdeutviklingsprosjekt som gjer bulyst -slik vi ser t.d på Hellevik- vil gjere oss attraktive og gje gode voner om auka folketal i åra som kjem.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags