Med tru på framtida

Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

MeiningarI 2009 stilte 67 studentar opp på Den Blå Steinen i Bergen med følgande beskjed: «Vi ser fram til vidare utvikling rundt Dalsfjorden, og håpar vi kan bidra med vår del i framtida!» Dette er no sju år sidan, og i løpet av desse åra har om lag 1/3 av dei 67 avbilda ungdommane, i lag med fleire, flytta til regionen. Dei fleste av oss har flytta heim, medan andre er tilflyttarar. Mange av oss har stifta familie og blitt foreldre. I desember samla igjen over 100 unge seg, denne gongen på Dalsfjordbrua, men med same siktemålet som i 2009. Uansett tilknyting og livssituasjon, så har vi alle saman eit viktig felles bodskap: Vi har tru på ei framtid i regionen vår. Vi ønsker å fokusere på det positive, synleggjere moglegheitene som ligg her og stå samla i den vidare utviklinga av denne fantastiske regionen!

I media kan ein både lese og høyre om sentralisering, nedsnakking, nedlegging og kommunar som kranglar seg i mellom. Tenestetilbod vert sentraliserte, dei vidaregåande skulane er stadig under lupa og kommunane må spare pengar. Dette meiner vi står i sterk kontrast til den groande positiviteten som kjem gjennom mange flotte initiativ frå eksisterande og nye innbyggarar i regionen vår. Samtidig må vi saman stå opp og kjempe for at vi held på vårt teneste- og skuletilbod og får betra infrastruktur. For det er her vi ønsker å bu og leve framover.

Tettare knytt. Det er litt over to år sidan Dalsfjordsambandet stod ferdig. Mange av oss var med på Fylkestinget i 2005 då ferdigstilling av sambandet vart vedteke, og bruopninga 14. desember 2013 er naturleg nok ein spesiell dato for alle av oss. Det er eit tydeleg skilje mellom tida før og etter brua. For det første slepp vi å legge dagane opp etter ferjeavgangar. For det andre har den reduserte reisetida opna ein mykje større bu- og arbeidsmarknad for innbyggarane i regionen. No er det mogleg å bu på Atløy og jobbe i Dale, eller pendle frå Hyllestad til Askvoll. Vidare har reisevegen til Førde blitt kortare for mange av oss. Kvardagen har med andre ord betra seg mykje. Moglegheitene har heilt klart blitt større og oppfatninga er at det har betydd meir for mange enn det dei kunne førestilt seg i forkant. Trafikktala over Dalsfjordbrua er med på å underbygge dette. Trafikken har auka jamt sidan opninga. I desember i fjor køyrde i snitt heile 637 bilar over brua dagleg og det daglege snittet for heile 2015 var på 643 bilar.

Spennande arbeidsmarknad. Med ein større arbeidsmarknad har mangfaldet i potensielle jobbar blitt betre. Det finnast mange ulike gode arbeidsplassar innanfor pendlaravstand, anten ein vel offentleg eller privat sektor. Og sjølv om vår region naturleg nok også blir påverka av nedgangstidene som råkar olje- og oljeservicenæringa, så ser ein motvekt til dette gjennom oppblomstring innanfor andre område. IT-/og kraftklusteret i Fjaler med Enoro, Brødrene Dahl, Avans og Pecom i spissen, er døme på selskap som har opplevd ein fantastisk vekst siste åra. Den varierte kompetansen som denne typen selskap spør etter, er med på å gjere arbeidsmarknaden spennande.

Trygge oppvekstvilkår og vidaregåande skule. Som ein konsekvens av heim- og tilflytting til regionen er det no fleire av kommunane som må utvide barnehagetilbodet og skuleklassane vert større. Målet om å gje borna våre ein like god og trygg oppvekst som det vi sjølve hadde, er ei viktig årsak til at mange av oss har valt eller ønsker å busette oss her.

Som eit ledd i ein god oppvekst er det svært viktig for oss at regionen har ein vidaregåande skule. Og Dale vidaregåande skule er så absolutt ein av dei aller beste. Mellom anna kan ein skilte med svært låge fråfallstal, noko som heng tett saman med sunne og friske lokalsamfunn. Dette viser at den vidaregåande skulen i Dale er med på å legge grunnlaget for framtidige generasjonar i regionen vår. For at unge vaksne skal sjå på det å flytte heim att som ein del av eit godt liv, treng ein å bygge opp ein identitet med band til regionen. Og skulen er nettopp ein slik avgjerande relasjons- og identitetsbyggar!

Med tanke for framtida samarbeider Dale vidaregåande skule dessutan tett med næringsliv i regionen. Eit døme er det nye opplæringstilbodet i maritim produksjonsteknikk, der skulen samarbeider med Maritime Montering og Havyard Ship Technology. Denne linja er den einaste i sitt slag i landet, og elevane som går her er sikra lærlingplass.

Samarbeid og framtidstru. Som innbyggarar i regionen er det viktig at tenestetilboda blir oppretthaldt, og då nyttar ikkje det å kjempe seg i mellom. Vi må stå samla, vere rause med kvarandre og finne dei felles beste løysingar for regionen samla sett.

Vi unge seier ikkje «dei på hi sida av fjorden» lenger. I staden snakkar vi om før og etter brua. Og vi er alle einige om at den nye tidsrekninga er mykje betre. Med oppmøtet på brua i desember ønsker vi å vise at vi har tru på ei framtid i Dalsfjordområdet!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags