Fjaler kommunestyre – høyr på innbyggjarane!

IKKJE TRUVERDIG: Argumentet at handsaming av dispensasjonen i kommunestyret vil skape ein presedens er ikkje truverdig. Vi får neppe fleire innbyggjarforslag om handsaming av dispensasjonar for flyttebrygger og andre mindre tiltak frå formannskapet opp til kommunestyret, skriv artikkelforfattaren. På bildet; Ove Myklebust som tok initiativet til innbyggarforslaget.

IKKJE TRUVERDIG: Argumentet at handsaming av dispensasjonen i kommunestyret vil skape ein presedens er ikkje truverdig. Vi får neppe fleire innbyggjarforslag om handsaming av dispensasjonar for flyttebrygger og andre mindre tiltak frå formannskapet opp til kommunestyret, skriv artikkelforfattaren. På bildet; Ove Myklebust som tok initiativet til innbyggarforslaget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDu er vel opptatt av at politikarane høyrer på innbyggjarane sine. På kommunestyremøte torsdag 26. mars skal dei folkevalde ta stilling til om dei vil lytte eller avvise. Eit innbyggjarforslag om at kommunestyre skal handsame dispensasjonssaka for vindkraftverket på Lutelandet er innsendt fordi mange innbyggjarar meiner at «dispensasjonssøknaden involverer store og viktige tema og bør avgjerast av vårt øvste folkevalde organ.»

Dette er ikkje ein omkamp fordi innbyggjarforslaget vart innsendt før formannskapet gjorde sitt vedtak. Fleirtalet i formannskapet ville dessverre ikkje imøtekome innbyggjarane sitt ønske og stemde ned eit framlegg om å utsetje handsaming av dispensasjonssaka til kommunestyret. No har kommunestyret moglegheita til å skape meir tillit til lokaldemokratiet ved å høyre på innbyggjarane og setje opp dispensasjonssaka til realitetshandsaming på kommunestyremøtet i april.

Mark Taylor (MDG)

Mark Taylor (MDG) Foto:

Dette er det første innbyggjarforslaget sidan eg kom inn i kommunestyret i 2015. Det viser det uvanlege store engasjementet blant folk for nettopp denne dispensasjonssaka, også faktumet at 210 personar signerte i løpet av berre eit døgn.

Her gjeld ikkje dispensasjon til å byggje ei hytte eller eit naust, men dispensasjon for eit tiltak som påverkar mange innbyggjarar, som vist med det eksepsjonelle store mengda høyringsinnspel som kom inn, heile 52, samt innbyggjarforslaget. Merknadene viser at denne dispensasjonen påverkar innbyggjarane si helse, økonomi og trivsel, lokale, regionale og nasjonale naturverdiar og nærmaste naboen, Lutelandet Offshore, ei viktig næringssatsing i kommunen.

Argumentet at handsaming av dispensasjonen i kommunestyret vil skape ein presedens er ikkje truverdig. Vi får neppe fleire innbyggjarforslag om handsaming av dispensasjonar for flyttebrygger og andre mindre tiltak frå formannskapet opp til kommunestyret!

Kommunestyret er suveren. Kommunelova seier at kommunestyret er det øvste organet i kommunen og det er kommunestyret som treffer vedtak på vegner av kommunen. Kommunestyret har delegert til formannskapet vedtaksmynde for plansaker som det underordna organet gjer på vegner av kommunestyret, men kommunestyret er framleis planmynde i kommunen.

Delegasjonsreglementet stadfestar at «Eit organ med vedtaksmynde kan på eige initiativ gjere om eige eller underordna organ sine vedtak, jf. Forvaltningslova § 35» og at «Delegert mynde kan når som helst trekkjast attende. Eit overordna organ som har mynde, kan krevja å få ei sak til avgjerd».

Alle partia i kommunestyret vil vere tent med å imøtekome innbyggjarforslaget for å vise godvilje til innbyggjarane våre og respekt for sine eigne folkevalde. Vararepresentantar til kommunestyret for Sp, SV, H og FrP er blant dei som skreiv under innbyggjarforslaget. Det vil vere uklokt å splitte parti ved å avslå innbyggjarforslaget.

Kommunelova «skal legge til rette for det lokale folkestyret og et sterkt og representativt lokaldemokrati med aktiv innbyggerdeltakelse.» Uansett kva du meiner om innhaldet i dispensasjonssaka, bør du vere einig i at formålet i lova om aktive innbyggjarar med interesse og iver for deltaking i lokalpolitikk vil vere svekke om kommunestyret ikkje røyster for å realitetshandsame dispensasjonssaka for vindkraftverket på Lutelandet sjølv.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags