Fjaler formannskap har misforstått oppgåva

STRYK: Det er i dag heilt openbart at store vindturbinar som nærmaste nabo ikkje fremjar etablering av industri på Lutelandet. Fleirtalet i formannskapet si oppgåveløysing står til stryk, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå vindparken på Smøla.

STRYK: Det er i dag heilt openbart at store vindturbinar som nærmaste nabo ikkje fremjar etablering av industri på Lutelandet. Fleirtalet i formannskapet si oppgåveløysing står til stryk, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå vindparken på Smøla. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev«Du har misforstått oppgåva» var tilbakemeldinga med strykkarakter, vi som elevar ved Fjaler ungdomsskule av og til fekk på norskstilane våre. Det smakte ille for den det galdt. Mykje verre smakar det når fem av kommunens fremste kvinner og menn presterer å stryke i handsaminga av ein dispensasjonssøknad i eit så inngripande prosjekt som Lutelandet vindkraftverk.

Kommunen har ikkje heimel til å gje dispensasjon, fastslår Fylkesmannen i Vestland i fråsegna si. Jau då, seier fem representantar frå Sp, A, SV og Høgre i formannskapet og godtek at rotordiameteren på vindturbinane på Lutelandet kan aukast frå 135 til 150 meter. I Firdas nettutgåve 7. mars avslører ordførar Kjetil Felde det einaste argumentet dei har: Auke i rotordiameteren opnar for bruk av «den best mogelege teknologien».

Dette høyrest både smart og dyrt ut. Kven vil ikkje kjøpe seg den nyaste og beste bilen om ein har råd? Kven ønskjer ikkje at sjukehusa våre har den nyaste og beste teknologien?

Kva er så dei større vindturbinane «best mogeleg til»?:
1. Opplagt gjev større turbinar utbyggjar eit betre kost/nytte forhold. Dette momentet er drivkrafta bak at produsentar av vindturbinar kontinuerleg tøyer seg etter å lage større maskiner.

2. Større turbinar er også meir effektive til å plukke ned fugl. Vertikalt sveipeareal aukar og dekker fleire flygemønster. Vengespissane har større fart og vert endå farlegare for fugl. Dette er grunnen til at Fylkesmann i Vestland går mot å gje dispensasjon til å auke rotordiameter for Lutelandet vindkraftverk. Lutelandet ligg midt i leia for trekkande nasjonale og internasjonale fuglestammar. Dei fleste europeiske fuglestammar har minka faretruande dei siste 30 åra. Noreg har forplikta seg til å ta internasjonalt ansvar for trekkande fugl.

3. Større rotordiameter produserer uunngåeleg meir og djupare infralyd. Infralyd er hovudgrunnen til at mange menneske som bur nær vindkraftanlegg opplever helseproblem. Søvnvanskar, uro, vedvarande oppleving av stress, konsentrasjonsvanskar, irritabilitet og nedsett arbeidsevne er normale funn hjå 3/10 som bur nær store vindturbinar.

Fjaler formannskap tek berre omsyn til punkt 1. som omhandlar lommeboka til utbyggjar.

Langsiktig kostnad for levande vesen, som fugl og menneske, har tydelegvis ingen vekt sett opp mot kortsiktig pengegevinst.
Formannskapet må også ha gløymt opphavleg målsetjing om å utvikle samfunnet vest i Fjaler til eit godt og veksande bu og næringsområde.

Det er i dag heilt openbert at store vindturbinar som nærmaste nabo ikkje fremjar etablering av industri på Lutelandet.
Fleirtalet i formannskapet si oppgåveløysing står til stryk. Mitt råd er: Les oppgåva ein gong til og les tilrådingane frå kommunedirektøren i Fjaler. Elevane har potensial, men må vise klar framgang på kommunestyremøtet 26. mars. Kravet frå 200 Fjaler-borgarar om å handsame dispensasjonssøknaden i kommunestyret viser alvoret.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags