Språklig forfall og feil

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarEg har ei tid undra meg over kor lett Firda tar på språket, der det vrimlar av feil. Eg trudde det skulle bli bedre med ny redaktør, men det har ikkje skjedd.

Nå sist lørdag er det stort slått opp i ei kjempeoverskrift at Johan amma, men det var det jo mora som gjorde, som amma Johan, han dia.

I Firda-språket fins ikkje «henne». Det heiter «Ho kritiserte ho». «Ho/ho» er eit svært dårlig valg, det strir mot språkkjensla til det store fleirtall, nærmast som barnespråk å rekne, kjensle av hjelpeløyse.

Ellers skal det vere «honom», ikkje med «å» først. Om eg hugsar rett, har eg sett «ståda/ståa» for «stoda» (uttalt med «å» og utan «d»). «Lede an», der det skal vere «føre an»

Språkrådet har mye rart for seg, kunne nevne i fleng, men skal la det ligge, bare eit unntak. Dei har likestilt «pilgrim/pilegrim», engelsk bare «pilgrim», for det har jo ingenting med å pile å gjøre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags