Firda går i fella

Av
DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

LesarbrevLeiarskribenten i Firda den siste dagen i året går i den same fella som så mange av oss andre. Her tek ein for gitt at det er ein klar og tydeleg samanheng mellom kvar einaste storm og klimaendringane.

Vi les at stormen som herja Vestlandet i romjula er ei ny påminning om dei store klimaproblema som verda for alvor har begynt å merke verknadane av. Tja. Det er slett ikkje sikkert at det er rett. Sjølv om det har blitt svært så vanleg å hevde nettopp det.

Svetlana Sorokina er postdoktor ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen og arbeider for Bjerknessenteret for klimaforsking. Ho skriv at ein skal vere varsam med å eintydig peike på at eit klima i endring er opphavet til alle variantar av ekstremvêr. Og at det er eit ope spørsmål i kva grad og med kva styrke, hyppigheit og varigheit ekstremvêret kan knytast til endring i arktisk klima. Sorokina peikar på det teoretisk sett kan vere ein samanheng, men at naturen er mykje meir komplisert. Firda sin konklusjon er altså noko lettvint.

Ein ny studie frå Bjerknessenteret viser at svingingar i vintertemperaturen dei siste 30 åra i hovudsak må forklarast med naturlege variasjonar. I perioden har dei naturlege variasjonane frå eitt år til eit anna vore 10 gonger større enn den langsiktige oppvarminga dei siste 30 åra. Med slike store naturlege variasjonar blir det krevjande å peike på klare samanhengar mellom endringar i arktisk klima og ekstremvêr på våre breiddegrader.

Bakgrunn: Klimaendringer alene forklarer ikke vårt ekstremvær. http://www.aftenposten.no/viten/Klimaendringer-alene-forklarer-ikke-vart-ekstremvar-62079b.html

Observed Atmospheric Coupling between Barents Sea Ice and the Warm-Arctic Cold-Siberian Anomaly Pattern. http://journals.ametsoc.org/doi/full/10.1175/JCLI-D-15-0046.1

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags