Firda vgs. treng ekstraklasser

HYBEL: Om lag halvparten av elevane på Firda er tradisjonelt hybelbuarar. Det kan i praksis føre til at gloppenungdomen som bur «meter» nær skulen må reise til ein annan skule for å ta utdanninga si. Dette må vi unnå, skriv Svein Ottar Sandal i dette innlegget. Her saman med gruppeleiar for KrF i Vestland fylkesting, Trude Brosvik.

HYBEL: Om lag halvparten av elevane på Firda er tradisjonelt hybelbuarar. Det kan i praksis føre til at gloppenungdomen som bur «meter» nær skulen må reise til ein annan skule for å ta utdanninga si. Dette må vi unnå, skriv Svein Ottar Sandal i dette innlegget. Her saman med gruppeleiar for KrF i Vestland fylkesting, Trude Brosvik. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Å gje gode utdanningstilbod til ungdomen er det viktigaste den nye fylkeskommunen Vestland kan satse på. Ungdomane må i størst mogleg grad få oppfylt sitt førsteval. All erfaring viser at det er viktig for å hindre fråfall seinare i utdanningsløpet. Vi har mange gode vidaregåande skular i Nordfjord og resten av Vestland fylke.

Men det kan bli hard konkurranse om dei mest populære utdanningstilboda komande skuleåra. Ikkje minst vil dette gjelde for Gloppen og dermed Firda vgs. I Gloppen vil ein dei komande åra få dei største tal 16-åringar på mange år.

16 åringar som går ut av 10. klasse:
2019: var 70
2020: 92
2021: 104

Om vi ikkje enno veit i detalj korleis søknadane fordeler seg på den einskilde skule, så er signala at det er svært god søknad til alle tre tilboda på Firda.

* Studiespesialiserande
* Idrett
* Musikk, dans og drama.

Dette er studietilbod som i tillegg til å dekke utdanningsbehov for ungdom i Gloppen, også skal dekke store regionale behov.

Om lag halvparten av elevane på Firda er tradisjonelt hybelbuarar. Det kan i praksis føre til at gloppenungdomen som bur «meter» nær skulen må reise til ein annan skule for å ta utdanninga si. Dette må vi unngå.

For å unngå dette, og at ungdom frå andre deler av Vestland som har søkt Firda vgs. også skal få oppfylt sitt første ønskje, må det opprettast ekstraklasser no til hausten. Det er den klare oppmodinga som blir gitt til våre fylkespolitikarar.

Denne prislønte skulen er populær. Ein får ikkje dronning Sonjas skulepris utan å vise til kvalitet og resultat.

Eg trefte to jenter her ein dag som var på jakt etter hybel på Sandane. Dei kom frå ein kommune eit godt stykke borte frå Sandane og der er andre vidaregåande skular som ligg i dagpendlaravstand frå heimstaden deira. Men dei hadde vore på Firda på infomøte. Her fann dei kvalitet, kultur og inkludering som avgjorde kvar jentene ville søkje på vidaregåande utdanning.

Desse jentene må få oppfylt sine inste ønskje saman med mange andre. Men då må tal studieplassar ved Firda vgs. utvidast dei komande skuleåra.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags