Firda tek betalt utan å levere

GRENSER: Redaktør Kai Aage Pedersen og aviseigarane kan sjølvsagt fritt bestemme tal utgåver, men det er grenser for kor langt ein kan gå utan at det skal få konsekvensar i forhold til abonnentane som har betalt for papiravis i denne perioden, skriv artikkelforfattaren.

GRENSER: Redaktør Kai Aage Pedersen og aviseigarane kan sjølvsagt fritt bestemme tal utgåver, men det er grenser for kor langt ein kan gå utan at det skal få konsekvensar i forhold til abonnentane som har betalt for papiravis i denne perioden, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

I papirutgåva laurdag 6. juni annonserer redaktør Pedersen at papirutgåva av Firda kjem med berre tre utgåver i veka frå 15. juni til 23. august 2020.

Redaktøren og aviseigarane kan sjølvsagt fritt bestemme tal utgåver, men det er grenser for kor langt ein kan gå utan at det skal få konsekvensar i forhold til abonnentane som har betalt for papiravis i denne perioden. Redaktøren kjem ikkje unna med at kvaliteten på tilbodet til lesarane skal halde seg like høgt, og Firda skal lage tre gode papiraviser i sommar. Tre aviser i ti veker er ein reduksjon på 30 aviser.

Eg kan godta at Firda reduserer med nokre få utgåver i samband med høgtider som jul og påske. Eg reagerte heller ikkje då Firda i nokre veker i fjor sommar gjekk ned til fire utgåver, sjølv om det låg i grenseland. Men 30 aviser over ti veker er ikkje akseptabelt utan økonomiske konsekvensar.

Dei av oss som allereie har betalt for papiravis i denne perioden, må få ei tilbakebetaling tilsvarande 30 aviser. Så må ein reduksjon i tal utgåver av papiraviser for framtida innbakast i abonnementsprisane i form av lågare pris.

Eg har årsabonnement komplett og kan difor lese Firda også på digitale flater og kanalar, men det er ikkje det som er problemet her. Det handlar om å betale for ei vare eg ikkje får i eit alt for stort omfang slik tilbodet frå Firda er sommaren 2020.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags