Finst det ein framtidig visjon for byutvikling i Førde?

Folk flest og næringslivet ønskjer seg eit attraktivt og fysisk levande sentrum, skriv Tor Opseth.

Folk flest og næringslivet ønskjer seg eit attraktivt og fysisk levande sentrum, skriv Tor Opseth. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Dei aller fleste er samde om at sentrum treng ein plan med betre vegstruktur for framtidig utvikling, og mykje positivt er gjennomført ved å opne seg mot elva. Likevel verkar det for at det er Førdepakken sine vegtiltak som er den styrande faktoren for framtidig byplanlegging! At det er støy rundt enkelttiltak er ikkje overraskande. Spesielt tiltaka for bruløysing ved Førdehuset og Fjellvegen er kontroversielt, og ikkje utan grunn når ein ser manglande konsekvensutgreiingar ved handsaming av trafikkplanen i 2013.

Skal byplanar og byutvikling føregå etter kvart som «vegen går seg til»? Kan her m.a. vise til føreslått p-hus på Festplassen, som plutseleg kjem opp som forslag til erstatning av p-plassar ein mistar i sentrum sør og ved Førdehuset. Var det nokon som så føre seg ei nedbygging av verdfulle eigedomar i bydelane, og området kring Førdehuset og Festplassen (attraktivt kultur-/arrangement, park og rekreasjonsområde)?

Prosjekterte trafikkmaskiner som planlagt er eksempel på uante konsekvensar for desse eigedomane/områda. Grunneigarar og andre står nærast «forsvarslaus» tilbake når Førdepakken sine trafikktiltak skal gjennomførast. Det blir sagt at det er politikarane som bestemmer, men hos «folk flest» verkar det for at det er trafikkplanen og budsjettet i Førdepakken som er styrande! Ein må få lov å spørje om det er slik ein byplan skal praktiserast og gjennomførast?

Kommunen reiste til Drammen for å lære om forvandlinga der. Bildet av Drammen var prega av ulike miljøproblem som kan samanliknast med Førde, der stor trafikk (støy/støv) omringa byen som i den tid var viktigare enn bymiljøet. Drammen har klart å endre omdømme med planmessig byutvikling, der fokuset var først å sette innhald på byen slik at folk tar den i bruk, ein transformasjon frå trafikkmaskin til levande handelsverksemd, kultur og idrettsarrangement. Vart trafikkplanen eit resultatet av denne turen?

Byplanleggaren stod tidlegare fram og etterlyste at Førde treng ein attraksjon, noko som ho har heilt rett i. Folk flest og næringslivet ønskjer seg eit attraktivt og fysisk levande sentrum, og spørsmålet er kvar og korleis ein kan få dette til når verdfulle område for framtidig utvikling (m.a. Førdehuset og området rundt) blir transformert til trafikkmaskiner?

Er det mogeleg å arbeide fram ein heilskapleg og visjonær sentrumsplan, f.eks. fram til 2050?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags